Ørjan var involvert i alle skåringane våre i dag.

Der vart det forsyne meg siger for 7’er-laget i år og. Den første av mange, vonar me.

To kampar på to dagar er eit temmeleg optimistisk opplegg, og det var lett å sjå at me var tunge i beina etter kampen mot Buøy 3 i går. At det var nok eit topplag me skulle møte, gav nok ganske høge odds på Suldalssiger på Midjord denne kvelden. Men me måtte då gjere så godt me kunne!

Taktikken i dag var soleklar: Det er ikkje kjekt å slå lange ballar som me mister og berre springe mellom slik me gjorde i går. Derfor skulle me i dag spele ball langs bakken heile tida, så raskt teknikken tillot det. Lange ballar var omtrent verboten, og me skulle alltid komme oss i ny spelbar posisjon. Me har sagt liknande ting før, men sanneleg høyrde alle på denne beskjeden. Og når alle gjer det me blir einige om, så har me plutseleg eit lag som spelar ballen og let dei andre jage og springe mellom!

Inge stod nok ein strålande kamp i mål og delte bestemannspremien med....

Det var likevel ikkje berre årsbeste av oss som gjorde at det til slutt vart siger. Brodd 3 var absolutt det farlegaste laget kampen sett under eitt, og spesielt i første omgang. Dei hadde minst fire ballar i tverrliggjaren gjennom kampen, fleire avslutningar rett utanfor, og i tillegg til marginane hadde me og nok ein gong ein strålande opplagt målmann i Inge Lunde. Ein gong i blandt er det herleg å ha litt flaks og marginer med seg!

Me starta kampen med å våge og spele ballen, men det var heimelaget som skapte sjansane. Berre åtte minutt var gått då dei tok leiinga. Me mister nok ein gong ballen for lett på eigen del av banen, og Brodd 3 har nokre driblefantar som greier å få ballen i mål.

Det neste kvarteret har me ballen, og dei sjansar, vår største var då Bjørn M. Steine la eit fint innlegg på bakre stolpe til broder Sindre M. Steine. Dessverre gjekk avslutninga utanfor. Brodd 3 slo tilbake, og etter klabb og babb i feltet vårt fekk dei lagt på til 2-0.

Heldigvis fekk me ei redusering fire minutt før pause. Sindre la ein fin ball inn til Ørjan Underbakke som frå midt på deira banehalvleik skaut ballen i mål til 1-2. Den var viktig å ta med seg til pause. Pausepraten var: Meir av pasningsspelet, men opp med tempoet når me kryssar midtlinja!

Andre omgang var jamn og spanande, framleis med Brodd 3 som det farlegaste laget. Dei hadde mange sjansar til å auke leiinga, men Inge og flaksen var med oss, og trua vart større. Seks minutt før slutt gav Ørjan ballen til Vidar Ritland på vår høgreside. Vidar var plutseleg den coolaste avsluttaren i verda og skaut ballen i nettet frå skrått hald som om han aldri hadde gjort anna. Eit flott, og viktig mål.

...Thomas Brustveit som fekk ei tå på det meste i forsvaret, samt skåra vinnarmålet.

Som om ikkje det var nok, var Ørjan minuttet etter nok ein gong frampå med pasningsfoten etter hjørnespark. Pasningen fann Thomas Brustveit som kunne skyte ballen inn til leiing for første gong i år. Stor glede og entusisasme dei siste lange minutta redda heim dei tre første poenga  i år. Det var godt gjort med ein tung kamp i beina i går. Det gjorde mest vondt å stå på sidelinja og sjå kor tungt enkelte hadde for å springe og dempe ballen, men dei gjorde jobben!

Så får 11’er-laget vårt sjå til å gjenta prestasjonen på same stadion på laurdag.

Fakta:

Mål: 

8 min: 1-0: Brodd 3

23 min: 2-0: Brodd 3

26 min: 2-1: Ørjan Underbakke (Sindre M. Steine målgj.)

54 min: 2-2: Vidar Ritland (Ørjan Underbakke målgj.)

55 min: 2-3: Thomas Brustveit (Ørjan Underbakke målgj.)

Gult kort:

Brodd 3

Vinjar Låjen sine poeng:

3 poeng: Thomas Brustveit og Inge Lunde

1 poeng: Vidar Ritland og Ørjan Underbakke

Lag:

Inge Lunde – Sindre M. Steine, Anders Vetrhus, Vidar Ritland, Bjørn M. Steine, Sigurd Slåtto, Ørjan Underbakke, Thomas Brustveit