Vebjørn kan meir enn å springe fort på ski. God kamp mot Djerv 1919

Tysdag var det tid for den siste bortekampen før sommarpausen. Denne gong var det Djerv 1919 3 som måtte sjå seg klart slått på ein dag der Suldalsgutane bare i kortare periodar fekk spelet til å gli slik me veit dei kan. At det også denne gongen vart tosifra med mål må derfor og tilskrivast ein ikkje alt for sterk motstandar, som før denne kampen stod med 0 poeng.

For då kampen starta var det ikkje lett å sjå at laga låg i kvar sin ende på tabellen. Djerv tydde til ei gammal oppskrift som aldri går av moten i fotball: Innsats som kompensasjon for manglande kvalitet. Allereie etter 2 minutt var dei farleg frampå, men klarte å sette ballen over tomt mål.

Suldal sleit med pasningskvalitet og duellstyrke. Men etter 5 min vert Hallvard spelt fint gjennom, men skotet går utanfor. Minuttet etter løsnar det. Terje legg inn frå sin venstrekant, og Peterson headar i mål. 1-0 til Suldal. Like etter bør leiinga doblast: Hallvard fossar fram på venstresida og serverer ballen på sølvfat til Tim, som bommar då han skal breiside ballen inn frå femmeteren.

Peterson spelte godt sjølv om han har stått over dei siste kampane på grunn av skade

Djerv jobbar ufortødent vidare, og etter 11 minutt forfølger dei ballen på eit tilbakespel. Oddbjørn er uheldig og treff rett i ein motstandar då han skal klarere. Ballen gjer ein fin boge før den havnar i nota.1-1. Haugesundarane har no fått blod på tann. Og like etter er dei i ferd med å lykkast med same trikset igjen, men denne gongen sprett ballen utanfor.

Før omgangen er halvspelt har Suldal sin beste periode. Først viser Tim at bommen tidleg i kampen bare var eit uhell: Han får eit nytt flott innlegg frå Hallvard og denne gongen knallar han ballen bak ein sjanselaus keeper. Like etter er det Hallvard som får god treff på eit innlegg frå Terje, og det står 3-1.

Om det er dei mange bytta som vert foretatt eller dei mange spelestoppa på grunn av ballhenting som er årsaken er ikkje godt å seie. Men resten av omgangen skjer det omtrent ingenting. Suldal får ikkje fasong på det offensive spelet sitt. Bakover er det tett. Djerv er ikkje nokon stor trussel mot forsvaret, men det er skuffande at me ikkje får meir fart på ballen. I staden er det feil på feil i både mottak og avlevering av ball. Suldal ser ut til å gå til pause med tomålsleiing, men to kjappe mål av Hallvard og Ingvald gjer at det står 1-5. Resultatet langt betre enn spelet!

I andre omgang kjem det seg noko. Djervspelarane vert trøytte og er ikkje like aggressive i duellane lenger. Dei skal likevel ha honnør for at dei jobba og sleit heile kampen. Men det vert etter kvart meir rom for suldalsspelarane og omgangen er ikkje gammal før Ingvald speler gjennom Hallvard i bakrommet. Dermed skorar han sitt trejde for dagen.  Like etter er det Johannes som serverer Ingvald, og det står 1-7. Utover i omgangen vert forsvaret til heimelaget meir og meir rufsete. Bakrommet står på vid vegg, og Hallvard er ikkje tung å be når han gong på gong vert spelt gjennom. Trenarane til Djerv ropar og ber seg om at det er offside kvar gong, men dei kan ikkje hindre at både 1-8 og 1-9 vert godkjent. Dermed stoppar ikkje Hallvard før han har skora 5, medan Ingvald set punktum med ei heading på eit presist hjørnespark frå peterson.

Njål og resten av Suldalsgutane hadde små problem med å hente 3 nye poeng i Haugesund

Dermed vert det same siffer som i førre kamp, trass i at det er mange ting som kan tas tak i. Mot ein betre motstandar ville Suldal blitt hardare straffa. Det vert derfor spennande å sjå om laget klarer å heva seg i dei to siste kampane før sommarpausen. Først heime mot Stegaberg på Jelsa tysdag 12. juni. Deretter heime mot Sauda på Sand torsdag 14. juni

 

0-1    6 min             Peterson Tijhuis

1-1    11 min          Djerv 1919     

1-2    14 min          Tim Sparcholz

1-3   19 min          Hallvard Erfjord

1-4    38 min          Hallvard Erfjord

1-5    39 min          Ingvald S. Halgunset        

1-6    47 min           Hallvard Erfjord

1-7   49 min            Ingvald S. Halgunset

1-8    55 min           Hallvard Erfjord

1-9    66 min           Hallvard Erfjord

1-10 69 min           Ingvald S. Halgunset

 

 

 

 

Kort:   Suldal:  Gunnar Kluntveit, Håkon Vanvik  gult   Djerv 1919 3: 1 gult

 

Lag: Oddbjørn Lund, Stian Jelsa, Mikkel Wigestrand Gunnar Klungtveit, Karl Georg Erfjord, , Terje Nevøy, Ingvald Halgunset, Johannes Wigestrand, Peterson Tijhuis, Hallvard Erfjord, Tim Sparcholz

Innbyttarar:,. Pål Erik Landsnes, Vebjørn Nerheim, Håkon F. Vanvik, Njål H. Eide