Storspel av Mirzet i forsvar i dag.

Etter siger på tampen i forrige kamp for Suldal 2, skulle det drøye endå lenger før me avgjorde denne kampen. 20 sekund på overtid sikra me sigeren mot Hundvåg 3.

Me tok med oss det som var bra sist, nemnleg at me skulle la ballen gjere mykje av jobben. Spelarane skulle berre sørgje for at dei var i posisjon til å motta den. Dette fungerte bra dei første tjue minutta, og me var litt betre enn sist til å auke tempoet når me kom over midtbanen. Det vart ikkje spesielt farleg framfor nokon av måla, men me hang godt med.

Så kom det eit rolse minutt. Etter 20 minutt kom heimelaget seg ut på kant, la inn framfor mål, og der fekk ein kar stå umarkert på to meter og enkelt setje ballen i mål. Like etter avspark mista vår bakerste mann ballen i eit ukonsentrert augneblink. Dermed fekk spissen deira gå åleine mot Inge Lunde i målet vårt. Inge har redde mykje «umogleg» i år, men denne greidde han ikkje å avverge. 2-0.

Ørjan er toppskårar på Suldal 2, og sette to i dag.

Heldigvis fekk me redusering før pause. Sigurd Slåtto brukte musklar og kom seg ned til dødlinja. Her vart han noko urutinert felt, og dommaren peikte på straffemerket. Ørjan Underbakke gjekk fram og sette ballen sikkert i mål. Eitt mål bak til pause kunne me leve med, for her var me absolutt på talefot med motstandaren.

Andre omgang starta likevel noko daft, både frå vår og Hundvåg 3 si side. Det tok tid før me kom skikkeleg i gong. Men tolv minutt ut i omgangen fekk me hjørnespark. Det vart noko fram og tilbake, før Sindre M. Steine fekk tak i ballen og sendt den i mål til utlikning. Me var i siget, trudde me…

Hundvåg 3 var slett ikkje ferdige for kvelden, og dei gjekk opp i leiinga med ei heading etter eit fint oppbygd angrep. Det var omlag eit kvarter igjen, og me var sugne på siger.

Då det var ti minutt att på klokka, kom Ørjan inn på banen etter ein pause. Det var ikkje lenge han hadde vore inne før det kom klarering frå motstandarane. Den dala ned framfor Ørjan på ca 15 meter, og på halv volley banka han den i mål til ny utlikning. Nå var det nerve i kampen.

Det såg for oss på sidelinja ut som at det var me som hadde mest lyst på siger resten av kampen. Me jobba godt og prøvde å halde tempoet oppe. Men Hundvåg 3 var absolutt med på notene, og me måtte stå på for å halde dei vekke frå skåring. Spesielt viste Mirzet Softic strålande stopparspel ved mange høve i denne kampen, og var roleg og fornuftg i alt han føretok seg.

Då det såg ut til at klokka skulle gå for fort for oss og den passerte den timen me hadde tilgjengeleg, fekk Bjørn M. Steine tak i ballen. Han beina den oppover banen. Ballen dabba over Hundvåg 3 sin sisteforsvarar, og Sigurd hadde teft. Han kom åleine med målvakta deira, og han gjorde ingen feil. 20 sekund på overtid sette han inn skåringa, og me leia for første gong i kampen. Det haldt akkurat til tre kjekke poeng.

Elles kan me nemne at me hadde med oss ein come back-kid i dag: Anders Tveit trakk endeleg i suldalstrøya igjen og kom godt frå det. Tøff i taklingane og får med seg ballen i dei fleste duellane. Neste gong sit avslutningane i nettet og!

Fakta:

Mål:

19 min: 1-0: Hundvåg 3

20 min: 2-0: Hundvåg 3

28 min: 2-1: Ørjan Underbakke (str)

42 min: 2-2: Sindre M. Steine (målgj. Hundvåg 3)

46 min: 3-2: Hundvåg 3

50 min: 3-3: Ørjan Underbakke (målgj. Hundvåg 3)

60 min: 3-4: Sigurd Slåtto (målgj. Bjørn M. Steine)

Vinjar Låjen sine poeng:

3 poeng: Mirzet Softic

2 poeng: Ørjan Underbakke

1 poeng: Sigurd Slåtto

Lag:

Inge Lunde – Sindre M. Steine, Mirzet Softic, Bjørn M. Steine, Anders Tveit, Sigurd Slåtto, Ørjan Underbakke, Audun Hilde, Bjørn Vidvei