Det vart ein rolig kveld for midtstoppar Pål Erik og resten av Suldalsgutane

 

 

Resultatmessig blei det årsbeste i begge endar av banen då Suldal møtte Stegaberg  2 Jelsa tysdag. For første gong denne sesongen heldt suldalsgutane nullen. Når kulerama til slutt viste 15 plussmål så seier det nok litt om at motstanden ikkje var all verda, men og at Suldal har eit lag som kunne ha spelt ein divisjon høgare denne våren.

Stegaberg spelte 1-1 mot tabelltoar Sauda i førre runde, så Suldal var innstilt på å møte eit lag som ville kjempe for poeng også i denne kampen. Og kjempa gjorde dei for så vidt, men medan Suldal i sin siste kamp lenge sleit med å tilriva seg initiativet mot botnlaget Djerv 1919 3, var det ikkje tvil om kven som bestemte frå start på Jelsa denne tysdagskvelden. Det vart 1-0 allereie etter 4 minutt då Ingvald tuppa eit innlegg frå Christian i mål. Minuttet seinare er Johannes nær ved å doble leiinga på ei heading etter ein fin korner frå Sander. Og då Sander leverer ein like strøken korner like etterpå er det bare for Ingvald å setje hovudet til. 2-0.

Før det er gått 10 minutt har Håkon tredd gjennom ballen til ein alltid like løpsvillig Hallvard. og åleine med keeper gjer han ingen feil. Like etter er det Sander som finn Hallvard, som og denne gongen gjer det enkelt, og set ballen til side for målmannen til Stegaberg. 4-0 og kampen er i praksis avgjort, men måla fortset å trilla inn. Først er det Håkon sin tur, før Mikkel serverer Ingvald på eit presist frispark. Innimellom desse måla vinka dommaren spelet vidare på ein soleklar hands i straffefeltet på ein Stegabergspelar. “Eg kan ikkje sjå det” svarer dommaren då suldalsgutane spør kvifor han ikkje bles straffe. Og det har han rett i : det skal sterke briller til for å sjå at det var hands på 5-meteren når han sjølv kjem halsande etter på midtbanen. 7-0 og 8-0 kjem ved Johannes og Tim, medan Hallvard røkk å sette inn sitt tredje og Suldal sitt niande like før pause.

Lars fekk god plass å boltre seg på på sin vestreback-plass

Etter pause er det framleis einvegskjøring, og den høgrøysta trenaren til Stegaberg vert spakare og spakare. Han har visst forstått at det er lite han kan gjere for å begrense tapet. “No skal me ikkje gi vekk fleire mål” brøler han, men bare sekund seinare har Christian auka til 10-0! Sidan renn måla inn jevnt og trutt. Kampen ebbar ut utan at Stegaberg har hatt ein einaste kvalifisert målsjanse. Det vesle som var av tilløp tok forsvarsrekka med Stian, Mikkel, Pål Erik og Lars seg av. Og sjølv om det er mykje kjekkare å vinne kampar enn å tape dei, ser me no fram mot det som forhåpentlegvis vert ein spennande og jamn kamp mot det einaste laget som har gitt suldalsgutane skikkeleg kamp denne våren, Sauda. Kampen går på Eide torsdag 14 juni kl 19.

God motstand vert det garantert og i helga som skal brukast til treningssamling med 2 økter på laurdag og treningskamp i Stavanger mot 1. divisjonslaget Hinna på søndag.

 

 

1-0        4 min   Ingvald S. Halgunset

2-0        6          Ingvald S. Halgunset

3-0        9          Hallvard Erfjord

4-0       12        Hallvard Erfjord

5-0       19        Håkon F. Vanvik

6-0       32        Ingvald S. Halgunset

7-0       33        Johannes Wigestrand

8-0       36        Tim Sparchholz

9-0       39        Hallvard Erfjord

10-0     41        Christian Smithson

11-0     53        Ingvald S. Halgunset

12-0     65        Christian Smithson

13-0     67        Tim Sparcholz

14-0     72        Sander Deilkås

15-0     75        Håkon F. Vanvik

 

 

Kort:     ingen

 

Lag: Oddbjørn Lund, Stian Jelsa, Mikkel Wigestrand, Pål Erik Landsnes, Lars Lavalette, Christian Smithson, Ingvald Halgunset, Johannes Wigestrand, Sander Deilkås, Hallvard Erfjord, Håkon Vanvik

Innbyttarar: Njål Håranes Eide, Peterson Tijhuis, Tim Sparcholz, Gunnar Klungtveit.