Ein fin kveld for fotball då Suldal møtte Sauda til toppoppgjer på Sand

Det vart siger også i den siste kampen i vårsesongen. Og om det i førre kamp vart rekord i antal scora mål, så er det liten tvil om at førsteomgangen i nabo-oppgjeret mot Sauda er årsbeste spelemessig. Suldalsgutane viste at dei kan spele god fotball og mot ein god motstandar.

Det var sol, fin grasmatte og mykje prestisje då nummer ein og to på tabellen møttes på Eide denne tysdagskvelden. I det første møtet mellom laga i april drog Suldal i land ein 6-4 siger. Sauda var meir enn klar for revansj. Men det gjekk ikkje mange minutt før det talrike heimepublikummet fekk noko å jubla for: Sander har dei siste kampane viste seg som ein kornerspesialist. Og allereie på Suldals første  hjørnespark finn han Johannes, som stongar ballen i mål til 1-0 leiing. Minuttet etterpå er Christian nær ved å skore, men ballen går i tverrliggaren. Det må ein ny korner og ein ny presis serve frå Sander før Suldal igjen får uttelling. Denne gong treff han Ingvald som nokså upressa får gå opp og heade inn 2-0.

Etter denne friske opninga kjem Sauda litt meir med i kampen, utan at det vert verkeleg farleg framfor Oddbjørn i mål. Tvert i mot er det heile tida Suldal som vil mest, og som rullar opp det eine angrepet etter det andre. Og fleire gonger er det bare litt svake avslutningar som hindrar ei enda større suldalsleiing. Heimelaget imponerer ved å vise god variasjon i angrepsspelet sitt. Angrepa kjem både på høgre og venstresida, og sentralt, og då sjansen baud seg storma og midtstoppar Pål Erik oppover banen på eit flott 70-metersraid som endar med eit fint innlegg. Dessverre vert det heada over.

Men etter at ein velspelt halvtime er unnagjort aukar Suldal til 3-0 på eit mønsterangrep: Lars spelar fram til Ingvald, som legg ballen ut til Håkon på venstresida. Ballen går kjapt i lengderetninga, saudaforsvaret heng ikkje med i det heile tatt, og Ingvald kan enkelt plassere det presise innlegget i mål. Nydeleg spel av Suldal.

Mot slutten av omgangen yppar Sauda seg igjen, og då ballen smell i stolpen bak suldalskeeperen er Suldal heldige som ikkje får ei redusering mot seg. Men i pausen er både spelarar, trenar og publikum er svært nøgde med det dei har fått sjå!

Også i andre omgang er det Suldal som kjem best i gang. Sander røkk så vidt eit langt innlegg frå vår venstreside. Ballen vert liggande død mutters aleine på femmeteren, og det vert ein enkel jobb for Håkon å setje den inn. Og Sander fortset med dei presise kornerane sine. Knappe 10 minutt ut i omgangen finn han nok ein gong, Johannes som skallar inn sitt andre for kvelden.

Innbyttarane følger nøye med

Etter dette synes det som om Suldal meiner dei har gjort nok for i dag. I staden for å fortsette med raske, presise pasningar langs bakken, er spelet prega av slappe avleveringar og dårleg balltempo. Dermed slepp dei Sauda inn i kampen, etter å ha hatt full kontroll i ein time. Bortelaget reduserer i denne perioden ikkje bare ein, men to gonger. Først fangar dei opp eit laust tilbakespel, set fart og plasserer ballen i mål. Like etter utnyttar dei nok ein gong at Suldal er ubesluttsomme i forsvarspelet og det står 5-2. Men nærmare kjem aldri gjestene, og ein vel fortent siger er eit faktum. Og ekstra kjekt er det sjølvsagt når den kjem etter godt spel mot ein god motstandar. Det er noko å ta med seg når laget, saman med Suldal sitt G14 lag om ei knapp veke legg turen sørover til Pluss-bankcup i Kristiansand.

 

1-0        3 min   Johannes Wigestrand

2-0        10        Ingvald S. Halgunset

3-0        30        Ingvald S. Halgunset

4-0       45        Håkon F. Vanvik

5-0       48        Johannes Wigestrand

5-1       58        Sauda

5-2       65        Sauda

 

 

Kort:     ingen

 

Lag: Oddbjørn Lund, Stian Jelsa, Mikkel Wigestrand, Pål Erik Landsnes, Lars Lavalette, Christian Smithson, Ingvald Halgunset, Johannes Wigestrand, Sander Deilkås, Tim Sparcholz, Håkon Vanvik

Innbyttarar: Njål Håranes Eide, Peterson Tijhuis, Karl Georg Erfjord, Gunnar Klungtveit.