Ingvald kom best frå det i denne begredelege kampen.

Etter å ha kapra eit fortjent og sterkt poeng borte mot topplaget Brodd 2, så ville me gå ut i ein liknande formasjon i heimekampen mot Austrått 2.
I Suldal har me det slik at ein aldri klarer å stilla lag uten ein haug med forfall frå kamp til kamp. Frå Brodd 2 kampen var Erik, Thomas, Sigurd, Hallvard og Svein Egil borte av diverse skader, jobb og lignande. Christer Hansen, som spela ein kanonkamp sist helg var og småsjuk, men ville prøva seg.
Me gjekk ut i ein 4-2-3-1 formasjon der Nils Arne Moe og Ingvald S. Halgunset danna den defensive delen av midtbanen og med Ørjan Underbakke, Bjørn M. Steine og Jone Utbjoa i ein meir offensiv midtbanerolle. På topp hadde me bautaen Øyvind Gjuvsland som skulle riva å slita i forsvaret til Austrått 2. I forsvar spela Christer Hansen, Tor Olav Berge, Odd Åsgeir Lunde og Johannes Wigestrand.
Sjefen over alle sjefar, Jon Bråtveit, var igjen i Stavanger i påvente av familieauke.
Kampen starta med at Austrått pressa oss bakpå og me sleit med å få tak i ball. Heile første omgang kan bare beskrivast med eit ord. Forferdelig. Me fekk fort det første baklengsmålet då Austrått scora på frispark. Ein sleip bane gjorde at ballen fekk ein ekkel stuss og for inn i mål bak Ingve Berge.
Me skulle likevel få oss ei utlikning, og for et klassemål det var av Ingvald. Mulig eg hugsar feil, men eit bra utspark enda hos Ingvald, som tok ballen med seg og sprinta forbi heila Austrått-forsvaret og sette ballen kontant i mål.
Etter dette målet burde me kunna heva prestasjonane våre, men nei. Null trøkk, null takling, null engarsjement og null spelarglød prega suldalslaget. Til pause låg eit nedstemt heimelag under 6-1.
I pausen gjorde me litt formasjonsbytte og flytta Ingvald eit hakk opp og la om til 4-1-4-1 formasjon. Me fekk flytta forsvaret vårt opp og pressa Austrått 2 bakover i enkelte periodar. Utan at undertegnede synes at detta suldalslaget ligna mykje på det laget som kjempa mot Brodd 2 på Midjord sist helg. Det skulle komma to nye baklengsmål, før Ingvald igjen scora mål til 2-8 på pasning frå Kiko Eldardiry. Når 10-15 min var igjen av kampen kom Geir Bjare Hoftuninn for å gi laget litt trøkk framover. Trøkket som me ønska kom aldri og det var Austrått 2 som scora dei to siste måla.Eit 2-10 tap er noko av det versta me har prestert nokon gong i Prestavikjo. Nå må me ta samling i bånn og heva oss mange hakk for å kunna få eit tellande resultat borte mot Forsand på tysdag.

Fakta:
Mål:
1. omg.:
0-1: Austrått 2
1-1 Ingvald S. Halgunset (Ingve Berge målgj.)
1-2 Austrått 2
1-3 Austrått 2
1-4 Austrått 2
1-5 Austrått 2
1-6  Austrått 2
2. omg.:
1-7 Austrått 2
1-8 Austrått 2
2-8 Ingvald S. Halgunset (Kiko Eldardiry målgj.)
2-9 Austrått 2
2-10 Austrått 2
Vinjar Låjen sine poeng:
3 poeng: Ingvald Halgunset
2 poeng: Nils A Moe
1 poeng: Odd Å Lunde
Lag:
Ingve Berge – Christer Hansen,Tor Olav Berge, Odd Åsgeir Lunde, Johannes Wigestrand -Nils A Moe, Ingvald Halgunset – Jone Utbjo, Ørjan Underbakke, Bjørn M Steine – Øyvind Gjuvsland
Innbyttarar: Sindre M. Steine, Geir Bjarte Hoftun, Kiko Eldardiry