Robert spelte godt i midtforsvar og vart bestemann i dag.

Det vart tap i siste kamp før ferien mot toppplaget Forsand. Men  me fekk til ei avslutning me kan stå inne for etter den ringe kampen me hadde sist helg.

God innsats og eit heilhjerta forsøk, men me fekk ikkje nok sjansar til å få poeng. Forsand var det beste laget, hadde ballen mest og kom til flest og størst sjansar. Etter omtrendt halvspelt sesong ligg dei nå på delt førsteplass på tabellen, mens me ligg som nummer tre frå botn.

Me satsa på same taktikken som me hadde mot det andre topplaget, Brodd 2. Det fungerte såpass godt at me fekk eitt poeng. Mykje gjekk bra i denne kampen og, me haldt motstandarane på avstand frå vårt mål store deler av kampen, men i nokre korte periodar mista me konsentrasjonen og orken. Dette utnytte heimelaget og skåra tre mål. Me var ikkje effektive slik me var sist bortekamp, og då vinn det beste laget.

Den første halvtimen låg me tett, pressa saman og fekk til sideforskyvinga vår i det defensive spelet vårt, og når me fekk tak i ballen våga me å spele oss fram langs kantane til nokre halvsjansar. Jone Utbjoa og Bjørn M. Steine på kantane hadde fleire gode involveringar i denne perioden.

Men nokre minutt før halvtimen var spelt, vart det tydeleg at denne harde jobbinga tok på, og alle greidde ikkje halde på konsentrasjonen samstundes. Dermed kom Forsand til nokre halvsjansar. Dei var spesielt farlege på innkast og hjørnespark, men dei fekk og til å spele ballen litt for raskt for oss, og kom til nokre sjansar ved å spele i bakrom. Det låg eit mål i lufta.

Målet kom etter 36 min. Forsand fekk eit innkast nær dødlinja, og dei kasta mest like langt som Hoftunsguten vår. I feltet var dei større og sterkare enn oss, og dermed fekk dei heada ballen i mål.

Om målvakta vår Ingve Berge kanskje ikkje var heilt heldig på målet, så rydda han strålande opp fem minutt etter, då han nok ein gong i år viste kor uredd og kjapp han er på å komme ut ein mot ein i feltet. Han er kjapt nede og gjer seg stor, slik at det er vanskeleg å få ballen rundt han og i mål.

Likevel, minuttet etter kom 2-0. Dette var det lite me kunne gjere med. Frå kanten av sekstenmeteren vår fekk den målfarlege spissen deira tid til å lade kanona, og ballen fauk inn i nettet. Litt dumt å sleppe inn to mål til pause etter å ha jobba hardt, men det var nok lite me kunne seie på det, omgangen sett under eitt.

Moralen var likevel god, og me gjekk utpå i andre omgang med same innstilling som i første. Omgangen fortona seg mykje på same måten, me haldt Forsand best på avstand i starten og hadde litt å by på framover. Rune Lovra gjorde eit friskt innhopp og la eit flott innlegg til Øyvind Gjuvsland frå høgrekanten. Det vart for lang avstand for kapteinen å bruke beina, så han tok sats og prøvde på ei stupheading. Dessverre klaffa ikkje timinga, så det vart ikkje nettsus. Nærast kom Ørjan Underbakke på eit skot frå tjue meter, men målvakta deira fekk slått den over tverrliggjaren.

I vår jakt på redusering, flytta me dei siste ti minutta Robert Sjøholt opp frå midtstoppar til midtbanespelar. Han tok tak og fekk drege i gong litt spel langs bakken, slik me fekk til i første omgang. Robert er blitt ein robust, stødig og kreativ fotballspelar i løpet av studiedagane sine i Bø, så det var ingen tvil om at Vinjar Låjen gav han bestemannspremien i dag.

Det var likevel ikkje me som skulle få det siste målet i kampen. Fem minutt før slutt fekk Forsand frispark midt på vår banehalvdel. Ballen vart slått inn i feltet, og der var dei nok ein gong først og stanga inn 3-0.

Målet før kampen var at kvar og ein skulle kunne gå opp trappa frå banen til garderobe med heva hovud over at me hadde gjort det me kunne for å få poeng, og at me skulle ha noko positivt å ta med oss inn i ferien. Det greidde me. Då kan sommaren komme, og så er me klar til å gjere ein jamnare haustsesong enn vårsesong.

God sommar, og vel møtt til alle som vil hive seg med på treningane i Vikjo i ferien – same  procedure as every year.

 

Fakta:

Mål: 

36 min: 1-0: Forsand

43 min: 2-0: Forsand

84 min: 3-0: Forsand

Kort:

Ingen

Vinjar Låjen sine poeng:

3 poeng: Robert Sjøholt

2 poeng: Ingve Berge

1 poeng: Kiko Eldardiry

Lag:

Ingve Berge – Christer Hansen, Tor Olav Berge, Robert Sjøholt, Nils Arne Moe – Jone Utbjoa, Ørjan Underbakke, Jørn Våge, Bjørn M. Steine – Øyvind Gjuvsland, Kiko Eldardiry

Innbyttar: Rune Lovra