Finnøy IL var første motstandar i haust.

Det vart eit knepent tap i haustpremiera mot Finnøy på ei rykande fersk kunstgrasmatte på tomatøya.

På Finnøy har dei i sommar jobba på spreng for å få ferdig banen til kampen mot oss, og dei haldt  på med arbeidet heilt fram til kampstart. Framleis mangla mange sekker med gummi, slik at ballen trilla noko tregt. Men bortsett frå det, var tilhøva fine. Her kjem finnøybuen til å få det kjekt!

Me var og opptekne av å ha det kjekt. I denne kampen hadde me ingenting å tape. Finnøy ligg heilt i toppen av tabellen og hadde presset på seg for å hengje med i tetstrida. Det er dessutan noko ekstra med første kamp på ein bane, slik at skuldrene deira nok var høgare enn våre før kampstart. Derfor gjekk me på banen for å få ei god oppleving, og vonaleg vere litt festbrems for heimelaget.

Etter avspark frå fire veteranar i Finnøy IL, kom kampen i gong. Dei første minutta var me godt med, og kom oss i angrep utan å produsere dei heilt store sjansane. Så, etter sju minutt, blei det dramatikk. Bjørn M. Steine snudde seg brått på jakt etter ballen litt utanfor motstandaren sitt straffefelt. Den same ballen var og Finnøy sin robuste stoppar lysten på. I det Bjørn snudde seg, sprang dei to rett i kvarandre med stor kraft. Bjørn for i bakken og vart liggjande livlaus på magen. Det såg ikkje bra ut, og spelarar, innbyttarar og trenar storma raskt til. Me var redde han hadde svelgd tunga, men det viste seg at han ikkje hadde det. Med blod i anletet vakna han etter nokre sekund opp, og sjølv om han var ganske omtumla, greidde han å gjere greie for seg. Betryggande var det og at det var ein lege blandt tilskodarane. Det vart ein tur til sjukehuset, men formen skal vere etter måten bra. Det sette ein støkk i oss, men at Bjørn gjekk for eiga maskin etter nokre minutt roa oss slik at me kom i gong med kampen igjen.

Første omgang var ganske jamnspelt, til tider var det me som hadde ballen mest. Størst sjanse på mål fekk me halvvegs i omgangen då Jone Utbjoa slo ein god ball til Øyvind Gjuvsland. Han fekk ei tå på ballen, men keeper var litt for tett i til at kapteinen vår fekk tuppa den i mål. Finnøy hadde nok flest og farlegast forsøk, Ingve Berge fekk vippa eit frispark over tverrliggjaren, og på overtid redda Thomas Brustveit ballen på streken.

I pausen var det godt humør, og trua på poeng var absolutt til stades. Me måtte berre vere merksame på å vere konsentrerte til ei kvar tid. Det var tendenser til at enkelte datt litt ut mot slutten av omgangen. Dersom mange gjer det på same tid, har me ikkje sjanse til å stå imot eit såpassa godt lag som Finnøy.

Dessverre fekk me ein tøff start på andre omgang. Etter to minutt kom ein motstandar gjennom forsvaret, runda Ingve og sette ballen i mål til 1-0. Det var var nok ein av våre som var sist på ballen i eit forsøk på å avverge målet, men det gjekk ikkje. Kalddusj, og oppgåva vår vart tøffare. Me var likevel med i kampen, og Jone svara raskt med ein volley som ikkje gjekk inn. Spelet bølga fram og tilbake som i første omgang, med halvsjansar til begge lag. Jone slo flott gjennom til Ingvald S. Halgunset. Han hadde eit nydeleg medtak, men skotet gjekk rett på keeper.

Ingvald spelte sannsynlegvis sin siste kamp for Suldal for denne gong. I haust skal han til Stavanger på skule og melder overgang til Stavanger IF. Han vil bli sakna. I dag viste han til tider at han har eit høgt nivå inne, og det blir vanskeleg å fylle plassen hans.

Like etter denne sjansen fekk me frispark på tjue meter. Rune Andre Laugaland tok fart og sendte den rett i tverrliggjaren og ned på streken. Den var nok ikkje i mål, men svært nær var det.

Svært nær var og ein gammal kjenning hos Finnøy, Arne Vidar Risa, minuttet etter. Han har i fleire vintrar vore med på treningane våre i Stavanger, og er ein framifrå midtbanedirigent. Han fekk ballen på midtbanestreken, såg at Ingve var langt ute i feltet og sendte i veg eit skot med god retning. Ingve storma etter, og fekk tak i ballen før den var i nettmaskene. Men var den over streken? Dommaren meinte nei, mange meinte ja. Ingve sjølv er svært kryptisk om dette…

Resten av kampen prøvde me så godt me kunne å få utlikning. Me jobba godt, men når me nærma oss motstandarmålet så valde me enten feil løysning, eller me var unøyaktige. Dermed ebba kampen ut. Det var ikkje noko å seie på at poenga blei igjen hos heimelaget, men me var ikkje langt unna. Me tek med oss mykje positivt inn i hausten.

Fakta:
Mål:
47 min: 1-0: Sjølvmål

Vinjar Låjen sine poeng:
3 poeng: Ingvald S. Halgunset
2 poeng: Christer Hansen
1 poeng: Jone Utbjoa

Kort:
Ingen

Lag:
Ingve Berge – Christer Hansen, Tor Olav Berge, Thomas Brustveit, Nils Arne Moe – Jone Utbjoa, Ingvald S. Halgunset, Rune Andre Laugaland, Robert Sjøholt, Bjørn M. Steine – Øyvind Gjuvsland
Innbyttarar: Svein Egil Holmestad, Lars Lavalette, Ørjan Underbakke