Ingve hadde fleire gode redningar og vart bestemann i dag.

Det vart tap mot Vikingdødarane frå Forus.

Forus & Gausel kom til Prestavikjo frå ei stor oppleving i showkamp mot Viking i veka, der dei hadde folkefest og slo tippeligalaget. F&G har i det siste fått til ein god treningskultur og er nok eit lag som kjem til å klatre i divisjonsystemet med tida.

Det vart raskt klart at Forus & Gausel viste seg for sterke for oss, og var spesielt i første omgang raskare og betre i det meste. At dei berre leia 2-0 til pause er omtrent uforståeleg. Dei kom gjennom gong på gong både på midten og på kantane, og ballførar hadde til ei kvar tid fleire alternativ å spele på. Den første halvtimen var rett og slett heseblesande for oss, og me fekk knapt låne ballen.

Me kan takke ein god keeper Ingve Berge, samt ein del udyktige avslutningar frå gjestene for at det til pause stod berre 0-2 i protokollen. Motstandarane fekk mål annulert, skaut over på ope mål, sette ballen utanfor stengene, og bomma på ballen. I andre enden var det ikkje mykje som var farleg, nærast var Christer Hansen, men skotet hans vart det ikkje skikkeleg svung på.

Det måtte likevel straffe til for at det skulle bli nettkjenning. Tommy Espe var for sein i taklinga, og dommaren hadde ikkje anna val enn å peike på straffemerket. Straffa gjekk sikkert i mål

Etter dette målet, kom me litt meir med i spelet. Me fekk tetta motorvegen gjennom midtbanen vår, og bortelaget såg ut til å ha sprunge det verste av seg. Derfor var det dumt at dei fekk 0-2 berre tre minutt før pause. Målskåraren deira fekk drible seg forbi både forsvar og keeper og kunne setje ballen i ope mål.

I andre omgang vart tempoet noko lågare, og det var ikkje den heilt store underhaldninga. Me jobba godt for å hindre F&G i å få fleire mål, men me greidde ikkje å halde lenge nok på ballen til at me kom til eigne sjansar. At gjestene fekk eitt mål til, var fortent, og det såg ut til at dei var nøgde med å innkassere tre poeng.

Kampane i denne divisjonane lever sine heilt eigne liv. Forrige helg spelte me nokonlunde jamnt mot Finnøy som med siger i hengekamp toppar tabellen, i dag vart me til tider rundspelt av Forus & Gausel som ligg på fjerde plass. Alt på tysdag er det kamp igjen, då mot tabell- og geografisk nabo Hjelmeland.

Fakta:

Mål:

30 min: 0-1: Forus & Gausel (str)

42 min: 0-2: Forus & Gausel

78 min: 0-3: Forus & Gausel

Kort:

Gult: Øyvind Gjuvsland, Tommy Espe og eitt til Forus & Gausel

Vinjar Låjen sine poeng:

3 poeng: Ingve Berge

2 poeng: Jone Utbjoa

1 poeng: Ådne Nærheim

Lag:

Ingve Berge – Nils Arne Moe, Tor Olav Berge, Ådne Nærheim, Tommy Espe – Christer Hansen, Jone Utbjoa, Rune Andre Laugaland, Ørjan Underbakke, Hallvard Erfjord – Øyvind Gjuvsland
Innbyttarar: Kiko Eldardiry, Svein Egil Holmestad, Lars Lavalette