20120831-220237.jpg
På ein flott grasbane kom unggutane litt til kort mot store og vaksne karar frå Sandved.
Sigeren deira var fortent, men det var ikkje fordi dei var betre enn oss til å spele fotball. I spel mellom sekstenmetrane var me faktisk hakket betre det meste av tida. Men i begge endar av banen var dei tøffare og meir effektive. Det førte til at dei fekk mål, og at me ikkje kom til særleg med sjansar.

Sandved blir trent av eks-Viking Øyvind Svenning. Han spelar og spiss på laget, og me venta kanskje at det kunne bli bale for oss. Det var likevel me som kom best i gong. Beskjeden før kamp var at me måtte stole på at me var yngre og sprekare enn dei. Ballen måtte derfor gå raskt langs bakken. Med stor utskiftning frå sist kamp, vart det og nye konstellasjonar både i backrekka og på midtbanen. Av rutinerte ringrevar i siste halvdel av tjueåra var det berre kaptein for dagen Thomas Brustveit igjen.

Det såg ikkje ut til at det gjorde noko frå start av. Jone Utbjoa tok tak på defensiv midtbane og styrte spelet, mens unggutane Lars Lavalette og Johannes Wigestrand supplerte Svein Egil Holmestad og Kiko Eldardiry på vingane. Framme jobba Hallvard Erfjord på vanleg vis, og var på nippet til å komme gjennom til målsjanse eit par gonger. Som i sist kamp, vart han i dag og lagt i bakken utan å få straffe.

Men når me ikkje får utteljing dei første minutta, så kjem Sandvedmaskineriet i gong. Dei vinn duellar og får etter kvart mange hjørnespark. Desse var dei særs skumle på, og dei får to avslutningar som går i tverrliggjaren og i ned på streken, samt ei avslutning som Ingve Berge reddar med ei feberrednig.

At Sandved til slutt får målet sitt like før pause var dermed rett og rimeleg. Det kom etter ein multimegasjanse der det var minst fire farlege avslutningar før dei fekk banke ballen i mål.

Me var ved godt mot i pausen, sjølv om me fort kunne vore eit mål og to til bak. Då omgangen tok til igjen, så starta me ikkje like godt som i første omgang. Me jobba og sleit, men fekk ikkje til å halde på ballen. Det vart tungt å halde på konsentrasjonen, og etter eit kvarter datt me kollektivt saman. Plutseleg fekk Sandved ballen i mål to gonger på tre minutt, og det vart plutseleg ein dualeg motbakke me måtte forsere den siste halvtimen. Kva skulle me gjere for å avslutte med stil?

Løysinga vart nysigneringa Tore Bendiksen Søraas. Halvvegs ut i omgangen fann me ut at me ville sjå kor mykje 18 månadar utan fotball og skikkeleg trening eigentleg har sett han tilbake. Svaret var gledeleg: Absolutt ingenting!

Med Tore på banen tok Suldal fatt på motbakken med fornya krefter og vart eit heilt anna lag. Nå hadde me ein som heile tida var spelbar og som haldt på ballen til folk var klar til å ta imot. Etter kampen lurte dommaren på kvifor me ikkje brukte Tore før. Svaret er at tjue minutt var akkurat passe for kroppen i dag.

Det tok Tore fire minutt å skåre i suldalsreturen. Hallvard fekk ballen midtvegs inn på Sandved sin del av banen. Han slo ein flott ball til The Come Back Kid, som dempa, sikta og skrudde ballen nydeleg i kryss!

Dei siste minutta la me om til tre spissar i håp om nok ei redusering. Me pressa på, men fekk ikkje meir mål. nærast var Ådne Nærheim med eit frispark, men keeper var nede og fekk avverga.

Kampen viste at me har mykje ungt, godt spelarmateriale i klubben. Når ungdommen vågar å spele ball, så viser dei stor speleglede. Dét var det kjekt å sjå på! Men den viste og at mot vaksne karar så treng ein ei viss mengd musklar og.

Til helga blir det viktig kamp heime mot Ild som pr dato ligg to poeng føre oss.

Fakta:
Mål:
41 min: 1-0: Sandved
61 min: 2-0: Sandved
64 min: 3-0: Sandved
74 min: 3-1: Tore Bendiksen Søraas (Hallvard Erfjord målgj.)

Gule kort:
Ørjan Underbakke og Ådne Nærheim

Vinjar Låjen sine poeng:
3 poeng: Tore Bendiksen Søraas
2 poeng: Johannes Wigestrand
1 poeng: Lars Lavalette

Lag:
Ingve Berge – Johannes Wigestrand, Thomas Brustveit, Ådne Nærheim, Lars Lavalette – Kiko Eldardiry, Ørjan Underbakke, Jone Utbjoa, Bjørn M. Steine, Svein Egil Holmestad – Hallvard Erfjord
Innbyttarar: Bjørn Vidvei, Sindre M. Steine, Tore Bendiksen Søraas