Ingve var bestemann i dag.

Det vart nok eit fælt resultat mot kompisgjengen i FK Ild på Storhaug i Stavanger.

I vår vart det 1-9-tap, men håpet var at me skulle klare å snu dette på heimebane. Dersom me hadde slått Ild i dag, så hadde me gått forbi dei på tabellen, men det var lite som vitna om at me på noko som helst måte skulle vere betre med det me viste i dag.

Bortelaget kom utan innbyttarar, og tok det roleg dei første minutta. Me fekk lov til å trille ballen i 13 minutt, men så var det over for vår del. Me kom til tre sjansar i heile kampen. Rett før pause spelte Jone Utbjoa ein god stikkar til Hallvard Erfjord slik at han kom åleine med keeper. Vanlegvis set Hallvard desse enkelt i mål, men i dag gjekk avslutninga rett på keeper. Sjanse nummer to kom  eitt minutt før kampslutt då Tore Bendiksen Søraas fyrte av eit langskot som for like over. Og på overtid spelte Tore ein ball som Kiko Eldardiry jaga ned mot dødlinja. Her vart Kiko felt, og Jone fekk setje straffen i mål.

Bortsett frå dette var det lite positivt å skrive heim om i regnveret. Som i kampen mot Sandved sist helg, vart me for små i feltet på hjørnespark imot. Tre av måla til Ild kom på det viset, to kom på kontring, og så fekk dei to fine mål mot slutten der dei lobba og skaut ballen i fine bogar over vår bestemann i dag, Ingve Berge i mål. Ingve var den einaste som spelte på vanleg nivå i dag. Resten får heim og lese trenarihermeteikn Endre sin kronikk i Suldalsposten, slik at ein finn tilbake til gleda over fotballspelet til neste helg.

Det var alt for i dag!

Fakta:
Mål: 

13 min, 20 min, 35 min, 49 min, 66 min, 89 min, 90 min: 0-7: Ild

90 min: 1-7: Jone Utbjoa (str)

 

Gult kort:

Ådne Nærheim

 

Vinjar Låjen sine poeng:

3 poeng: Ingve Berge

2 poeng: Jone Utbjoa

1 poeng: Christer Hansen

 

Lag:

Ingve Berge – Christer Hansen, Tor Olav Berge, Ådne Nærheim, Tommy Espe – Svein Egil Holmestad, Jone Utbjoa, Odd Åsgeir Lunde, Bjørn M. Steine – Kiko Eldardiry, Hallvard Erfjord

Innbyttarar: Sindre M. Steine, Rune Lovra, Christian Smithsson, Tore Bendiksen Søraas