Fotball + flaumljos = fabelaktig!

Sigersrekkja held fram for by-laget vårt. Etter ein dårleg førsteomgang, gjorde me ein ditto god andreomgang og drog sigeren i land.

Det kunne sjå ut som om me stilte med to heilt ulike lag i dei to omgangane. Praten før kampen gjekk ut på at me måtte halde fram med det me har vore gode på: God innsats og la ballen gjere mest mogleg av jobben. Men dette la me oss visst ikkje på minne, for sjeldan har me vore så tamme på dette laget. Det var omtrent berre Audun Hilde som gjekk på med mot i brystet, vit i panna og stål i bein og armar. Han var tidleg i duellane, mens resten lunta rundt. Dermed var det fortent at Hundvåg 3 leia til pause. Dei fekk måla sine på skot frå omtrent sju meter, etter at me ikkje hadde vunne duellane i feltet. Vårt mål før pause var det Sigurd Slåtto som kjempa inn, saman med Bjørn Vidvei i eit lyst augneblink.

I pausen vart spelarane gjort merksame på at dette ikkje var innsats av vanleg kaliber, og endeleg vakna me!

Andre omgang var noko heilt anna enn det me såg i første halvdel. Nå sprang me for kvarandre, traff på pasningar, låg rett i duellspelet og fekk meir til enn Hundvåg 3. Utlikninga fekk me då Ørjan Underbakke fann Hallvard Erfjord på bakre stolpe. Hallvard hadde ope mål og sette lett inn ballen. Dette sette fyr i kampen.

Det neste kvarteret var det stillingskrig. Begge lag sett inn taklingar, både av dei lovlege og ulovlege slaga, og dommaren hadde ei stund si fulle hyre med å halde kontroll. Heldigvis greidde han det bra – han slo tydeleg ned på det som var over grensa frå begge lag.

Den harde jobbinga vår, der spesielt Tore M. Steine verkeleg viste at hjarta er gult og svart, gjorde nok at Hundvåg 3 kjende kjøret. Etter 47 minutt slo Odd Eirik Nordmark eit nydeleg innlegg til Hallvard inne i feltet. Her skulle det blitt mål. Det var andre store sjansen ungdommen på laget sette utanfor. Han meinte nok at det var nok med eitt mål i dag, og skulle seinare la andre få sjansen….

Rett etter vår bom, slo Hundvåg 3 tilbake og hadde ei avslutning i stolpen. Kan hende var det det som avgjorde kampen? For dei ti siste minutta våre var strålande.

Etter å ha vunne ballen heime, fekk Ørjan ballen. Han slo ein flott pasning til Hallvard som på direkten fann Sigurd i feltet. Sigurd gjorde sitt andre mål for dagen med ein fantastisk hælflikk. Applaus og vantru utrop frå begge lag sine innbyttarbenkar!

Tre minutt seinare: Hallvard vinn hovudduell i feltet. Ballen kjem til Bjørn M. Steine, og han skyt ballen sikkert i mål. Vårt femte mål, og Sigurd sitt tredje, kom på kontring etter pasning frå Hallvard. Og på overtid skyt Ørjan ballen i ope mål til 6-2 etter pasning frå….. kven andre enn Hallvard?

Eit mål og fire målgjevande frå erfjordbuen, tre mål av Sigurd, samt ein strålande andreomgang av heile gjengen. Det såg altså stygt ut, både på banen og på dei mørke skyene på himmelen, men det enda med flott spel og gode speletilhøve. Fem kampar på rad med siger nå…

Fakta: 

Mål:

6 min: 0-1: Hundvåg 3

19 min: 1-1: Sigurd Slåtto (Bjørn Vidvei målgj.)

22 min: 1-2: Hundvåg 3

37 min: 2-2: Hallvard Erfjord (Ørjan Underbakke målgj.)

52 min: 3-2: Sigurd Slåtto (Hallvard Erfjord målgj.)

55 min: 4-2: Bjørn M. Steine (Hallvard Erfjord målgj.)

59 min: 5-2: Sigurd Slåtto (Hallvard Erfjord målgj.)

60 min: 6-2: Ørjan Underbakke (Hallvard Erfjord målgj.)

Gule kort:

Det kunne det nok ha vore, om dommaren hadde hatt dei med seg…

Vinjar Låjen sine poeng:

3 poeng: Sigurd Slåtto

2 poeng: Tore M. Steine

1 poeng: Hallvard Erfjord

Lag: 

Inge Lunde – Odd Eirik Nordmark, Audun Hilde, Bjørn Vidvei, Sindre M. Steine, Bjørn M. Steine, Sigurd Slåtto, Ørjan Underbakke, Hallvard Erfjord, Tore M. Steine