Fin tur til Suldal for Sandved. Tre poeng og vakker natur.

Det vart action og dramatikk i Vikjo i dag, men ingen mål til heimelaget – utruleg nok.

Sandved frå Sandnes var svært så heldige med veret då dei la turen inn til Suldal. Dei kunne fortelje om ein flott tur innover Ryfylke i haustdrakt, og etter resultatet dei fekk vil me tippe dei hadde ein like fin retur.

Målet vårt var å få ei god oppleving etter det sure tapet me hadde sist kamp mot Jarl. I forrige kamp me hadde mot Sandved, følte me at me absolutt var på høgde i banespelet, men at me tapte kampen i begge straffefelta. I dag skulle me forhindre at dei kom til så mange innlegg og hjørnespark som sist. Det greidde me. Dessverre hadde dei då eit våpen til, og det var avslutningar frå 16-20 meter.

Kan hende slo utgangstaktikken feil i dag der me skulle liggje tett med ledda våre, men berre med to sentrale på midten. Det første kvarteret gjekk stort sett greitt, men midtpartiet av første omgang øydela for oss. Då kom dei to gonger fri i rommet mellom forsvaret og midtbanen og kunne enkelt plassere ballen i mål, og eitt av måla kom då me mister ballen på midten og kjem i undertal på kontring. Etter dette la me om til tre sentrale midtbanespelarar. Då vart det litt tettare, men det blir tyngre for spissen vår.

Sandved vart ikkje så farlege etter dette, men me var ikkje akkurat dødeleg våpen me heller. Nærast var Ådne Nærheim på frispark. Til vanleg skyt han frisparka sine av all kraft, men her såg han at Sandved var lite merksame – omtrent slik me var i sist kamp. Ådne prøvde å plassere ballen rundt muren og ned i hjørnet. Keeper fekk det med seg, og redda.

I andre omgang tok me med oss at me kom meir med i kampen før pause. Me fekk tak i ballen og kom etter kvart til mange sjansar som me absolutt skulle hatt utteljing på. Det gjorde det og noko enklare for oss at bortelaget vart redusert til ti mann tidleg i omgangen. Kapteinen i dag Nils Arne Moe var flytta fram på midtbanen og tok bra tak der. Etter ti minutt slo han ein flott ball fram på Hallvard Erfjord. Hallvard var ikkje vanskeleg å sende på løp denne gong heller. I hælane hadde han tidlegare Vikingspelar og svenskeproff Øyvind Svenning. Hallvard vart for rask, og Svenning måtte felle han som siste mann. Greitt raudt kort.

Frisparket tok Ådne, og god reaksjon pluss litt flaks for keeperen gjorde at kanonskotet ikkje vart mål. Seinare fekk òg Ådne fleire sjansar på frispark, men me hadde ikkje marginene med oss. Elles hadde både Kiko Eldardiry og Lars Lavalette fleire forsøk på å redusere etter gode løp fram på bakre stolpe.

Om det ikkje vart mål, vart det likevel meir dramatikk. Då halvtimen var spelt, kontra Sandved. Ingve Berge kom ut i stjerneformasjon for å hindre mål. Like utanfor straffefeltet traff ballen Ingve. Dommaren meinte den traff han i armen og at han forhindra klar målsjanse. Ingve meinte – og kjende – at den traff brystkassa. Frå sidelinja var det ikkje lett å sjå. Så lenge dommaren då bles frispark og meiner det var keeperhands, så har han og sitt på det reine med å vise ut Ingve. Men det er tungt å måtte forlate banen for noko ein er sikker på er feil. Dermed mister me målvakta vår til neste kamp. Sigurd Slåtto tok på seg keeperansvaret resten av kampen og haldt såkalla «kleen sheet».

Det er fleire som var utpå i dag som me nok ikkje ser i neste kamp. Ådne fekk sitt tredje gule kort og må stå over, og så kom det to skader. Tidleg i kampen fekk Kiko seg ein skikkeleg trøkk då han kolliderte med ein motspelar. Me plastra han saman slik at han spelte resten av kampen, men etter kampen tok han seg ein tur på legevakten. Der vart det nokre sting i leppa, og tur til Haugesund for sjekk. Christer Hansen måtte og ta turen til Haugesund. Han landa feil på handa si, og fekk nok ein brist i eit bein i handa slik at det vart gips.

Det er tøffe tak. Sjølv om det ikkje vart siger i dag heller, så var det kjekt å sjå andre omgang. Det er og kjekt at så mange kjem og ser  kampane. I dag var det verkeleg godt oppmøte. På laurdag er det ny kamp i Vikjo.

Fakta:

Mål:

0-1: 19 min: Sandved

0-2: 25 min: Sandved

0-3: 32 min: Sandved

Kort:

Gule: Sigurd Slåtto, Svein Egil Holmestad, Ådne Nærheim og to(?) til Sandved.

Raude: Øyvind Svenning, Sandved og Ingve Berge, Suldal.

Vinjar Låjen sine poeng:

3 poeng: Hallvard Erfjord

2 poeng: Ådne Nærheim

1 poeng: Nils Arne Moe

Lag:

Ingve Berge – Nils Arne Moe, Ådne Nærheim, Tor Olav Berge, Tommy Espe – Christer Hansen, Ørjan Underbakke, Sigurd Slåtto, Svein Egil Holmestad – Kiko Eldardiry, Hallvard Erfjord

Innbyttar: Lars Lavalette