Christian vart bestemann i dag.

Det vart nok ein heimekamp med tap og utan spelemål då Vardeneset sitt 2’er-lag tok vegen inn fjordane.

Med mange utskiftningar frå kamp til kamp, og sentrale spelarar ute, blir det lite samhaldning og sjanseskaping i kampane våre for tida. Det er vel vår bøyg her i seniorfotball-livet; at me har alt for lita kontinuitet i treningar og kampar. Dermed har det i haust vore på lykke og fromme om me kjem til sjansar og mål. Då var det noko heilt anna å sjå på Vardeneset 2 korleis dei heile tida fann kvarandre og sette opp til sjansar og mål gjennom flott spel. Me mistenkjer at dei i tillegg til dei fire måla dei skåra, kunne sett inn eit ekstra gir om dei hadde trunge. Til tider varta raud- og kvitstripene om med glitrande angrepsspel.

Me hadde helst nok med å forsvare oss. Det var litt problematisk dei første tjue minutta. Bortelaget spelte ball, og me sprang så godt me kunne etter. På desse minutta skåra dei to mål på oss, eit på innlegg frå dødlinja og 45 grader ut i feltet, og eit der dei drar av backen vår og skyt elegant over Erik W. Vold i mål. Det kunne fort blitt eit tredje mål og, litt før halvtimen var spelt. Då vart spissen deira nydeleg spelt fri inn på 5-meteren vår. Her vart det ein duell der Erik fekk eit kakk i foten. Etter denne kollisjonen, fekk den staute målvakta vår nerveproblem og måtte gi seg for i dag. Det skal for syns skyld nemnast at det var nervene i foten som skapte problem….

Sindre klarte seg godt som keepervikar.

Dermed måtte Sindre Madland Steine trø til som målvakt, noko han klarte godt. Resten av omgangen var det ikkje så mykje som skjedde framfor mål. Me greidde å liggje kompakt med midtbana vår, og god posisjonering i backrekka førte til lite sjansar. I midtforsvaret var det nok ein ny konstelasjon i dag, der Tommy Espe danna kompaniskap med svigerbror Tor Olav Berge. Dette kom Tommy godt utav, berre han fekk varmen i trøya. Etter to minutt av kampen kunne det sett stygt ut, då han drog ned ein Vardenesetspelar rett utanfor straffefeltet. Raudt kort hadde vore for strengt, men gult hadde nok vore på sin plass. Dommaren heldt likevel korta sine godt gøymde i dag, og det var heilt greitt!

Ei relativt sett god defensiv avslutning på omgangen gav von om at me skulle komme oss framover på banen og, men det vart ikkje mange tilløpa me fekk. Me hadde nokre skot utanfor mål, med anna av Rune Andre Laugaland og Jone Utbjoa. Rune Lovra kunne fort vore heldigare med ein volley, og Bjørn M. Steine kom til ei avslutning/innlegg som kunne ha enda i mål. Men me hadde ingenting som traff innanfor stolpane, og me fekk heller ikkje hjørnespark i dag. Det fortel om eit bortelag som eigentleg hadde full kontroll. Dei kunne gått opp i tre-målsleiing tidleg etter pausen, då dei kom til dobbeltsjanse i feltet vårt. Her redda Sindre oss med to kanonredningar, og keepervikaren vår hadde elles fleire gode inngripnadar resten av kampen.

Rundt ti minutt ut i andre omgang avgjorde Vardeneset 2 kampen med to raske mål, og etter dette var det lite som skjedde. Suldalslaget skal likevel ha ros for at me ikkje datt saman og gav opp. Innsatsen var bra, me kunne ha komme til større sjansar på nokre kontringar, og lagmoralen stod til over middels måloppnåing. Det er nok på reine fotballtekniske og taktiske røynsler me har meir å hente for å vere på høgde med dei fleste laga i denne divisjonen.

Wegard kom godt ifrå a-lags-debuten for Suldal.

Forutan dei som alt er nemnde i referatet, kan ein trekkje fram Christian Smithson på back som med energi og speleglede er ein fryd å sjå på der han stormar opp og ned langs linja. Jone Utbjoa legg ned eit enormt arbeid på midten der han jagar kvar einaste ball med høg intensitet, og Wegard Strøm kom inn og gjorde sakene sine bra i debuten sin på a-laget.

Me har nå fire kampar igjen. Ingen av dei er nokon gåtur i parken, om nokon skulle tru det, men me har alltid eit håp om poeng. Til helga er det Sunde borte før det blir spelefri siste helga i haustferien. 20. oktober kjem Brodd 2 på vitjing i Vikjo. Den kampen er flytta frå søndag til laurdag.

Fakta:

Mål:

7 min: 0-1: Vardeneset 2

21min: 0-2: Vardeneset 2

53 min: 0-3: Vardeneset 2

56 min: 0-4: Vardeneset 2

Kort: 

Ingen

Vinjar Låjen sine poeng:

3 poeng: Christian Smithson

2 poeng: Jone Utbjoa

1 poeng: Sindre M. Steine

Lag:

Erik W. Vold – Christian Smithson, Tor Olav Berge, Tommy Espe, Lars Lavalette – Rune Lovra, Jone Utbjoa, Rune Andre Laugaland, Ørjan Underbakke, Bjørn M. Steine – Hallvard Erfjord

Innbyttarar: Sindre M. Steine, Wegard Strøm, Jørn Våge