I 7’er-kampen mot Buøy 3 på måndag, gjekk Bjørn Vidvei som vanleg skikkeleg til i taklingane.

Lite forstod han då han etter ein duell fekk beskjed om å gå av banen. Frå eit kutt over auga rann det blod, om ikkje akkurat i stride straumar. Dette merka ikkje Bjørn sjølv noko til. Det medisinske personalet på staden antyda at eit sting og to kunne vera på sin plass, men det ville ikkje hovudpersonen ha noko av. Han var då ein tøff kar.

Pipa fekk derimot ein annan lyd då han kom heim til den betre halvdelen. Då var det rett på legevakta for å sy, og rykta seier at folk høyrde smertehyl frå systova på sjukehuset over opptil fleire bydelar måndagskveld 🙂

Nå har me hatt eit stort renn av spelarar til legevakten dei siste kampane. Me håpar at det er nok nå.