Jone har hatt ein god haust og kjempar både om toppskårartittel, poengbørsen, flest målgjevande, antal kampar og råtassen!

Ein siste undervegsoppdatering av Harde fakta er på sin plass når både Suldal 1 og Suldal 2 har tre kampar igjen av sesongen.

På Suldal 1 er det svært tett i toppen på spelarbørsen. Jone Utbjoa leiar med eitt poeng på Ingve Berge og Ingvald S. Halgunset. Ingvald kan nok ikkje plukke fleire poeng, men Hallvard Erfjord kan med ein god innspurt blade seg inn i tettrioen. Han har tre poeng opp til pallplass.

På Suldal 2 er det og målvakt i teten, Inge Lunde leiar med eitt poeng føre Sigurd Slåtto. Lagleiar Sindre M. Steine føl på ein tredjeplass to poeng etter Sigurd. Her veit ikkje underteikna kor mange poeng Sigurd er i stand til å hente, har ankelskade og spedbarn i heimen innverknad på sluttspurten?

På skåringsfronten står det for tida stilt for Suldal 1. Me har omtrent ikkje fått mål den siste månaden, så erfjord-duoen Hallvard Erfjord og Ingvald S. Halgunset ligg på delt førsteplass med fire mål kvar, mens Øyvind Gjuvsland, Jone Utbjoa og motstandarane alle har skåra tre mål for oss.

Suldal 2 er flinkare til å finne nettmaskene, og Sigurd Slåtto toppar nær sagt som vanleg her. Det er likevel ikkje blitt så mange mål som i fjor, åtte mål har Sigurd på førsteplass. Det er to meir enn Ørjan Underbakke, og tre meir enn Thomas Brustveit og Hallvard Erfjord.

Kor viktig Ingvald S. Halgunset var for oss i vår, viser også på statistikken for målgjevande. Han er også er på toppen, delt med Jone Utbjoa. Begge har tre såkalla assist. På Suldal 2 leiar Ørjan Underbakke med seks føre Hallvard Erfjord og Bjørn Vidvei, begge med fem.

I kampane til Suldal 2 blir det svært sjeldan delt ut kort. I år ha me ikkje fått nokon, og det har og litt med at dommarane sjeldan har kortstokken med. På Suldal 1 har Ingve Berge gått opp i tet etter det raude kortet han fekk mot Sandved. Bak han føl Jone Utbjoa med fire gule, og Ådne Nærheim og Ørjan Underbakke med tre kvar. Alle desse har dermed stått over ein kamp i karantene i år.

Flest kampar for Suldal 1 er det Tor Olav Berge som har med 17 stykk, og ein bak føl Ingve Berge og Jone Utbjoa. På Suldal 2 har Sindre M. Steine 11 kampar og Ørjan Underbakke 10. Totalt er det også i år Ørjan som har flest kampar for Suldal i år sidan han stiller på dei fleste kampane både på 1’er og 2’er-laget.

Så gjeld det for dei som kjempar om titlar å gi litt ekstra mot slutten. Her er både heider, ære og gjerne noko til å hente!