Tre poeng og to mål på Hallvard i dag.

Det vart  nok ein jamn kamp mellom Suldal 2 og Brodd 3. Denne gong trakk dei grønkledde det lengste strået.

Oppgjera mot storhaugkarane har utvikla seg til å bli tette, jamne kampar der me ofte kjem på etterskot for så å setje inn støtet utover i kampen.

Det kunne sjå slik ut i dag og etter første omgang. Brodd 3 gav oss ein skikkeleg kalddusj alt etter to minutt då varemerket til motstandarane betalte seg umiddelbart. Lang, presis ball opp på bevegeleg spiss som legg seg mellom vår målvakt og forsvarsrekkje. Sidan det ikkje er offside i 7’er-ball så er dette eit farleg grep. Her hang me ikkje med fleire gonger i dag. Det skal ikkje meir enn ein flikk til frå spissen før ballen er i mål.

Like etter fekk dei 0-2 på eit hjørnespark, og me såg lettare sjokkskada ut. Men me kom oss jamnt og trutt i gong. Siste halvdel av omgangen var det me som var kvassast og hadde fleire halvsjansar. Rett før slutt fekk me utteljing då Sindre M. Steine slo eit frispark frå godt innpå eigen halvdel rett i mål i medvinden. Fin avslutning på omgangen, og von om at andre omgang skulle bli vår.

Andre omgang starta som den første; mål til Brodd 3 på langpasning og flikk frå spiss i bakrom. Men me svarte på hjørnespark ikkje lenge etter. Ørjan Underbakke slo ein hard, god sørv inn i feltet, og der kom Hallvard Erfjord stormande og beina ballen i mål. 2-3.

Tre minutt seinare gjekk Brodd opp til ny to-målsleiing etter ein fin prestasjon av målskåraren deira, men me svarte nokre minutt seinare. Då var det Bjørn Vidvei som gav ballen til Hallvard. Han venda flott og skaut ballen i nettet. Eit mål bak igjen. Skulle me nok ein gong slå tilbake på målstreken?

Neidå. I staden for utlikning fekk Brodd 3 sitt femte mål litt før slutt, og det vart tap. Nå må me snu trenden igjen og avslutte med stil. To kampar igjen.

Fakta:

Mål:

2 min: 0-1: Brodd 3

5 min: 0-2: Brodd 3

28 min: 2-1: Sindre M. Steine (frispark)

33 min: 1-3: Brodd 3

39 min: 2-3: Hallvard Erfjord (Målgj. Ørjan Underbakke)

42 min: 2-4: Brodd 3

51 min: 3-4: Hallvard Erfjord (Målgj. Bjørn Vidvei)

56 min: 3-5: Brodd 3

 

Vinjar Låjen sine poeng:

3 poeng: Hallvard Erfjord

2 poeng: Sindre M. Steine

1 poeng: Inge Lunde

 

Lag:
Inge Lunde, Bjørn Vidvei, Audun Hilde, Anders Vetrhus, Sindre M Steine, Ørjan Underbakke, Hallvard Erfjord, Bjørn M Steine.