Mandagskveld kom Skjoldar på besøk for å avslutta årets sesong for G-14 gutane.

Me var alle spente før kampen avdi fleire av våre sentrale spelarar var ute, og me skulle møta ein av dei betre motstandarane. I nydeleg haustvær på ein flott bane, blåste Svein Øystein kampen igong. Gutane kom godt i gong og fekk god flyt på spelet, der det mesta går igjennom løpsmaskina Sander på midtbanen. Han får gutane med seg og sender utrulege gjennompasninger til raske kantspelarar. Med ein kjapp teknikar på topp (Kristoffer), blir laget effektivt og score mange mål.

I dag scora Gøran (1), Sander(1), Gjermund(1), Kristoffer(3) og ikkje minst Gunnar(3). Må nevnast at Gunnar har hatt ein stor draum heile sesongen om å koma på scoringslista, og valgte lika godt og gjer det med ekta hat-trick i siste kamp!!!

Sesongen sett under eit er der ingen tvil om at rekrutteringa blømer i Suldal. Wenche og Bjørn har gjort ein kjempejobb med gjengen og dei presterer jevnt over veldig godt spel. Fått mange tilbakemeldinger frå motstandarane sine trenarar som er imponert over kva Suldal har fått til.

Med tabellseier og målforskjell på 74, så seier det seg sjølv at me gleder oss alle til våren der dei forhåpentlegvis får forsettja i kretsen.

Referent: Gro Fisketjøn