To mål og tre poeng på Tore i siste kamp.

Det vart målrikt i den siste kampen for sesongen, og eigentleg ein positiv avslutning.

Etter mange kampar utan nettkjenning, var det godt for sjølvtilliten å avslutte med heile fem mål rett veg. At det og vart fem mål imot får så vere.

Kampen starta i grunn ganske grusamt. To minutt var gått då Finnøy fekk eit tullemål. På eit vis kom ballen forbi Ingve Berge i målet vårt. Den trilla sakte, sakte mot stolpen, før den såvidt kreka seg over mållinja. Her sov me kraftig på jobben i både forsvar og mål. Berre tre minutt etter fekk bortelaget igjen nettkjenning, denne gongen etter at forsvarsrekkja satsa på offside på spissen deira. Dommaren let spelet gå, og avslutninga var sikker. Kalddusj igjen.

Så vakna me og kom igong. Dei siste to kampane har me vist mykje positivt, spesielt har me fått til ein del fint spel. Dette var noko me håpa å få til i siste kampen og. Etter den håplause starten, fann me rytmen og ein del av posisjoneringa, og dermed fekk me og sjansar. Jone Utbjoa var nære på etter først eit flott innlegg og så avslutning på eiga hand. Men som før, så fekk me ikkje mål. Derfor var det typisk at Finnøy svarte med å få ballen i mål til 0-3 eit kvarter ut i kampen. Dette såg stygt ut i målprotokollen.

Me sleit litt vidare med å finne presshøgd og dekkje rom på midten, men me fekk og til ein del fint spel. Me kunne kanskje fått meir imot, men endeleg var det vår tur til å få mål. Det var lenge sidan sist. Ådne Nærheim slo eit av sine mange gode frispark opp i motstandaren sin målgard. Her dukka Tore Bendiksen Søraas opp og banka ballen i nettet til 1-3 vel tjue minutt ut i omgangan. Nå gjaldt det å få neste mål.

Kampen veklsa i begge retningar, men me følte me var nære noko. Heilt til Finnøy fekk hjørnespark. Der har me vore elendige i år, me greier ikkje å klarere ballen og komme oss ut. Derfor har me fått ei drøss med mål imot på dette viset. Slik vart det i dag og. Då me følte me var komme inn i kampen, skåra dei 1-4 berre to minutt før pause. «Livsviktig» var det derfor at Ådne minuttet etter slo endå eit frispark opp i motstandarfeltet. Øyvind Gjuvsland var først på ballen og fekk stussa den vidare til Thomas Brustveit. Han gjorde ingen feil og sette ballen i mål til 2-4 til pausen. Ei viktig vitaminpille.

I pausen var det to ting som gjaldt: Skjerpe oss betrakteleg i forsvar, og halde fram med det me gjorde når me sjølv hadde ballen. Første halvdel av andre omgang viste me mykje fint, og me såg at det var mogleg med fleire mål, me mangla berre det siste ekstra. Det kom halvvegs i omgangen då Hallvard Erfjord viste ein enkeltprestasjon av dei sjeldne på dette nivået. Han fekk ballen frå Nils Arne Moe omtrent på midtbanestreken, sette fart, slo ballen forbi på eine sida av forsvararen og sprinta sjølv forbi på andre sida før han på klinisk vis hamra ballen i mål i bortre hjørne. Ein kanonavslutning som sørga for at Hallvard skåra sitt femte mål og tok toppskårartittelen på Suldal i år. Ikkje verst i debutsesongen.

Like etter fekk me utlikninga til 4-4. Nok ein gong starta det hos Ådne. Han slo ein krosspasning til Ingve Berge, nå utespelar og vingmann. Han la inn rett framfor mål der Øyvind var frampå med hovudet. Ballen gjekk ikkje i mål, men ut til Tore. Frå omtrent 16 meter dundra han kula i nettet på volley. Nå augna me siger!

Etter at Jone fekk plass sentralt på midtbanen i haust, har han vore svært aktiv i spelet vårt. Det er ikkje tvil om at han trivst best der ballen til ei kvar tid er. På dette viset har han plukka jamnt med poeng på spelarbørsen, så mange at han enda opp på topp. Beste spelar i år vart Jone Utbjoa. Derfor var det kjekt at han og fann vegen til nettmaskene igjen. Det var tydeleg at han har venta på nytt mål, det viste feiringa då han sette returen på frispark frå Ådne i mål og førte Suldal opp i leiinga etter ei fantastisk opphenting. Nå ville verkeleg laget vinne.

Bortelaget ville det likevel ikkje slik. Seks minutt før slutt kom dei gjennom på venstresida, og dessverre var spissen deira for sikker då han kom åleine med Suldal 1- debutant og årets spelar på Suldal 2; Inge Lunde i målet vårt.

Det vart 5-5 og poengdeling i ein artig kamp. Me kunne godt ha vore forutan tre av måla imot i dag, men gleda over å få til ein del offensivt overskuggar dette. Me visste det ville bli ein tøff sesong, men positive og motiverte spelarar har gjort at me har fått fleire fine opplevingar, spesielt nå mot slutten. Fire kampar har vore rett og slett elendige, elles har me funne lysglimt i alle dei andre kampane. Sør-fylke-pulja meiner me er tøffare enn den me enda sist i i Nordfylket i fjor. Målet var å ha Hjelmeland bak oss, nå fekk me og Jarl under oss på tabellen. Og så har me innsett at skal me vinne fleire kampar neste år, så må me nok ha betre kondisjon.

Med dette takkar underteikna for seg som trenar for Suldal sitt a-lag for denne gong. Det har vore fire kjekke år med både gode og mindre gode resultat. Det viktigaste er likevel at så mange har hatt det kjekt med a-lagsfotball, over 60 spelarar har vore i aksjon på Suldal 1 og Suldal 2 desse åra. Det er ikkje verst. Å styre eit lag som er delt i Suldal og Stavanger tek tid, så nå blir det andre prioriteringar på denne karen ei stund. Og så ønskjer eg den eller dei som måtte ta staffetpinnen vidare lukke til. God vinter!

Fakta:

Mål:

2 min: 0-1: Finnøy

5 min: 0-2: Finnøy

16 min: 0-3: Finnøy

21 min: 1-3: Tore B. Søraas (målgj. Ådne Nærheim)

43 min: 1-4: Finnøy

44 min: 2-4: Thomas Brustveit (målgj. Øyvind Gjuvsland)

67 min: 3-4: Hallvard Erfjord (målgj. Nils Arne Moe)

70 min: 4-4: Tore B. Søraas (målgj. Øyvind Gjuvsland)

78 min: 5-4: Jone Utbjoa (frå motspelar)

84 min: 5-5: Finnøy

Kort:

Gult: Tore B. Søraas. Raudt: Finnøyspelar

Vinjar Låjen sine poeng:

3 poeng: Tore B. Søraas

2 poeng: Lars Lavalette

1 poeng: Ådne Nærheim

Lag:
Ingve Berge – Nils Arne Moe, Thomas Brustveit, Ådne Nærheim, Lars Lavalette – Hallvard Erfjord, Tore Bendiksen Søraas, Jone Utbjoa, Bjørn M. Steine – Kiko Eldardiry, Øyvind Gjuvsland

Innbyttarar: Inge Lunde, Rune Andre Laugaland, Christer Hansen, Sindre M. Steine