Beste spelar Suldal 1 2012: Jone Utbjoa.

Jone Utbjoa vart beste spelar for Suldal 1 i sesongen 2012.

Han var den som plukka flest poeng av den mystiske Vinjar Låjen gjennom sesongen, og det var spesielt haustsesongen som gjorde at han til slutt gjekk av med sigeren. Då Ingvald S. Halgunset som toppa lista til sommaren meldte overgang til SIF, vart det ledig plass sentralt på midtbanen. Den sjansen som då baud seg, tok Jone godt vare på. Med stor arbeidskapasitet og engasjement var det han som i dei tøffe kampane i haust viste best att på banen. Om alle hadde hatt same vilje og kondisjon som Jone, trur eg fleire av resultata hadde vore annleis i år.

I tillegg har Jone og vore ivrig etter å komme til avslutningar, men til liks med resten av laget så var ikkje målguden med oss i haust. Det var tydeleg at han var glad for den siste skåringa han fekk i år mot Finnøy. Kvarteret før slutt avrunda han opphentinga vår med å lage 5-4-leiing. Der og då håpa me at det var det siste målet denne sesongen. Litt surt var det at Finnøy øydela og forhindra Jone i å bli matchvinnar slik han blei det i siste kamp i fjor.

Jone har gått føre både på trening og i kamp som eit godt førebilete, og har vore med på å heve kvaliteten på medspelarane sine med spelegleda han har vist i haust. Jone kniva med målvakta vår Ingve Berge om sigeren i denne tevlinga heilt til siste kamp, men enda til slutt opp åleine med flest poeng.

Jone fekk til slutt 19 poeng, Ingve plukka med seg 16, og Ingvald enda på tredjeplass med 15 poeng.