Beste spelar Suldal 2 2012: Inge Lunde

Beste spelar for Suldal 2 sesongen 2012 vart målvakta Inge Lunde.

Inge har i år vore – som han sjølv seier det – «jyseleg god til å stå der motstandarane skyt». Han meiner altså at det ikkje skal så mykje til å få poeng av Vinjar Låjen så lenge motspelarane berre avsluttar rett på han. Denne kommentaren får han stå for sjølv, for som målvakt handlar det jo nettopp å vere der ballen kjem. Og Inge har ofte vore der ballen kom i år, fordi han les spelet godt, er uredd, og ikkje minst har vist til tider utruleg reaksjonsevne.

Mange har gongene vore i år der både me og motspelarane har sett ballen i mål, men der Inge har varta opp med feberredningar og avverga baklengs. Inge har halde oss inne i kampar der me til slutt har vunne knapt, og han har enkelte gonger forhindra stortap. Han har rett og slett hatt størst innverknad på resultata Suldal 2 har hatt i år. Med Inge i mål, veit me at det i alle fall ikkje står på sisteskansen om me til slutt vinn eller taper ein jamn 7’er-kamp. Det er det godt å ha med seg på veg ut på kunstgrasmatta. Med godt humør og den gode kommentaren på lur, har han og vore sterkt delaktig i det gode miljøet som rår på Suldal 2.

I år har og Inge fått nokre førespurnadar om spel på 11’er-laget, utan at det har passa før i siste seriekamp mot Finnøy. Det var på tide at debuten på Suldal 1 kom. Lenge såg det og ut til at det skulle bli null hull, men dessverre var det lite å gjere med spissen til Finnøy som kom åleine mot Inge.

Inge plukka med seg 12 poeng på spelarbørsen i år. Nærast på lista kom fjorårsvinnar Sigurd Slåtto med 11 poeng, to framføre Sindre M. Steine på tredjeplassen.