Beste unge spelar 2012: Hallvard Erfjord

I år, som i fjor, kom beste unge spelar frå Erfjord. I år var det Hallvard Erfjord som viste seg best av dei unge.

Det kjem mykje bra opp frå Morten Jelsa sitt G16-lag, og det nyt me god av på a-laget. I år har me vel nytta fem spelarar som i utgangspunktet høyrer heime i aldersbestemt fotball, og alle har utmerka seg med speleforståing, innsats og gode fotballrøynsler. 

Hallvard er ein uredd og rett-på-sak-spiss som skyt før han tenkjer. Det likar me! Han viste i siste kamp kva som bur i han då han skåra det flottaste målet vårt i år. Han viste alle sine kvaliteter då han sette fart, runda ein motspelar og skaut i steget hardt til side for målvakta. Det minner svært om avslutningane til ein viss trenar i Molde….

Målskårareigenskapane hans gjorde at han vart toppskårar for Suldal 1 i år med fem mål. Dette til tross for at han i fleire kampar måtte kjempe åleine på topp mot spelarar som både kunne vore far hans, og var dobbelt så store og tunge. I tillegg var det og kampar der Hallvard ikkje var spiss, men ving.

Til tross for storleiken har altså Hallvard ein god fysikk, og veit å bite frå seg. Best kan dette illustrerast ved hovudduellen han gjekk i mot slutten av bortekampen mot Jarl. Der vart det ein dualeg smell mellom han og Jarl sin rutinerte og solide midtstoppar. Begge gjekk i bakken så det song, men blodet som kom var frå motstandaren.

På spelarbørsen henta Hallvard seg 12 poeng, noko som gav ein 4. plass. I tillegg til stor innsats på Suldal 1, har han og vist godt igjen på Suldal 2 etter at han flytta til Sandnes i haust. Han hamna langt oppe på statistikken der og, der han på spelarbørsen vart nummer fem og kom på andre plass både på toppskårarlista og målgjevandelista.

Hallvard har, saman med resten av G16-kompisane vore eit friskt pust i år, og me håpar sjølvsagt at me får behalde flest mogleg av desse på a-laget i åra framover.