Flest kampar totalt for Suldal 1 og 2: Ørjan Underbakke

Ørjan Underbakke var også i år den spelaren som spelte flest kampar i år.

Tilsaman fekk Ørjan med seg 29 kamapar, fordelt på 17 for Suldal 1 og 12 kampar for Suldal 2. Sidan Ørjan bur i byn og er student, så er han som regel tilgjengeleg for kamp på begge lag. Det er viktig å ha spelarar i troppen som ein veit er der frå kamp til kamp gjennom heile sesongen, og som er positiv og innstilt på å vere tilgjengeleg kvar gong.

Frå midtbaneposisjonen sin har han for Suldal 1 vore med både på oppturar og nedturar i år. Best hugsar me vel Ørjan som ein god ballfordelar i kampane mot Hjelmeland tidleg i sesongen der han fekk vist kva som bur i han som playmaker. Elles har han og stått bak mange gode hjørnespark i år og gjennombrotspasningar som me absolutt skulle fått meir ut av. På Suldal 2 har det vore lettare å vere ballfordelar og  Ørjan har vore sterkt medverkande til laget si gode sigersrekke midt i sesongen med målgjevande og eigne skåringar. Totalt sett var det Ørjan som samla flest ishockeypoeng – altså om ein legg saman skåringar og målgjevande: 6 mål og 8 målgjevande.