Det er ikkje berre dei som skårer mål som skal ha skrøyt, det skal og dei som serverer fram til måla.

I år vart det Øyvind Gjuvsland som var mest spandabel med målgjevande pasningar til lagkameratane sine. Det er omteksomt av kapteinen! Sterkt duellspel og viljen til aldri å gi seg er nok mykje av det som står bak denne prestasjonen.

Flest målgjevande for Suldal 1: Øyvind Gjuvsland

Det vart tett og hard kamp om denne tittelen i år, og fem mål i siste kamp gjorde at statistikkansvarleg måtte rekne eit par ekstra gonger før fasit var klar. Når det i tillegg var ivrig diskusjon i garderoben etter siste kamp om kven som eigentleg var nest sist på ballen, så måtte denne diplomen delast ut med vinnarnamnet i fersk tusj i staden for på dataprent.

For bak Øyvind var det jamnt, Ingvald S. Halgunset, Jone Utbjoa og motstandarane våre var alle nest sist på tre av måla våre i år. Om me slår saman mål og målgjevande til såkalla målpoeng, så har både Øyvind, Ingvald, Jone og Hallvard sju poeng kvar.