Flest målgjevande for Suldal 2: Ørjan Underbakke

Ørjan Underbakke vart årets servitør på Suldal 2 med åtte målgjevande pasningar.

På liten bane er blikket for den gode stikkpasningen ekstra viktig å ha, og utan nokon til å slå pasningane så blir det og få mål. Ørjan stod berre over ein kamp med Suldal 2 i år, så godt oppmøte løner seg på meir enn kampstatistikken.

Ørjan var og den som plukka flest målpoeng i år: Ørjan med seks mål og åtte målgjevande pasningar, Hallvard Erfjord eitt bak med sju mål og seks pasningar. Dermed kom Hallvard på andreplass på servitørlista, delt med Bjørn Vidvei som alltid er på løp.