20121214-214419.jpg

Som tidlegare nemd har to av motstandarane våre i 5. divisjon brukt spelarar dei ikkje hadde lov til å bruke.
Dette gjeld Brodd 2 og Vardeneset 2, samt Staal Jørpeland 2 i ein annan divisjon. Sunde meldte inn dette til fotballkretsen i håp om å få opprykksplassen som Brodd 2 utfrå tabellen fekk.

Rogaland Fotballkrets innvilga ikkje Sunde sitt krav, men har gitt klubbane kr 18.000,- i bot kvar.

Nylege regelendringar er grunnen til at desse tre laga ikkje hadde fått med seg at bruk av spelarar frå 1’er-laget var innskjerpa.

Dermed blir det nok eit heiltent og revansjesugent Sunde-lag me kjem til å møte i neste sesong.