Suldal a-lag 1996

Av og til kjem det glimt frå tidlegare tider. Arne Vold melder følgande:

Fann eit arkivbilete av nokre A-lags spelerar på trening, truleg i Kilen på Nesflaten, publisert i Suldalsposten april 1996.  Om fotballen var bra på den tida er det vel ingen som tvilar på…. men  fargar var det verre med.

Utanom karane på biletet var visstnok desse med i stallen april 96; Trond Hjorteland, Jon Fløtre, Thorbjørn Samuelsson, Sveinung Steine, Oddbjørn Fisketjøn, Hans Erik Svennes, og Arnvid Bakke.

Klikk på biletet for å sjå nærare på den gyldne årgangen. Innlegget blir og å finne i menyen under Nokre glimt frå tidlegare tider.