Kiko er ein av i alt åtte nye namn på lista.

2012-sesongen førte med seg 8 nye namn på lista over spelarar som har aksla Suldalstrøya i seriekamp.

Av desse var det sju som debuterte i år, og eitt namn som dukka opp frå tidlegare tider. Då me lagde lista i vår og kom fram til namnet til Jan Egil Tengesdal, så var det dei som meinte at han ikkje spelte for Suldal, berre var med og trente. Dette kan han i dag avkrefte, han spelte eit par sesongar midt på 90-talet, og skårte og nokre mål. Han er i dag playmaker på Tjensvoll sitt a-lag der han strør ballar i reine Jan Mølby-stil. Han skal sjølvsagt på lista. Og er det andre som manglar, så må de skrike ut!

Debutantane som kom inn på lista i år er Hallvard Erfjord, Wegard Strøm, Mirzet Softic, Johannes Wigestrand, Christian Smithson, Odd Eirik Nordmark og Kiko Eldardiry. Med desse er me nå oppe i 187 registrerte spelarar som har spelt kamp for Suldal sitt seniorlag frå starten i 1977.

Oppdatert liste finn de på sida Spelarar og trenarar for Suldal a-lag frå 1977 ->