Suldal emblem utan bakgrunnSom de kan lese i andre innlegg, har to spelar meldt overgang til andre klubbar i vinter. 

Sindre M. Steine går til IL Pol, og Ådne Nærheim til Stegaberg IL. Elles er det ikkje meldt om andre endringar frå klubbleiinga. Spelarstallen ser dermed ut til å vere nokonlunde som i 2012. Om det ikkje er nye fjes på veg inn, så kan me likevel håpe på at me får sjå meir til gamle fjes som ikkje har vore så mykje med i det siste. Det vil me nok sjå etter kvart.