2. påskedag var det tid for generalprøve for a-laget. Til helga brakar det laus!hjelmeland-komm

I den siste treningskampen for våren var det Hjelmeland som tok i mot på ein, for årstida, ganske grei grasbane på Fister. Begge lag hadde litt å hemne mot kvarandre frå i fjor. Hjelmeland måtte ta den tunge vegen ned ein divisjon etter at Suldal gjekk forbi dei på tabellen den siste halvtimen av sesongen, medan Suldal ville ta igjen for det frosmedelege tapet dei leid på heimebane.

For første gong i vår var det skikkeleg gras spelarane fekk under knottane, og det er nå slik at det så tidleg i sesongen blir noko meir kupert enn kunstgraset dei tidlegare kampane har gått på. Dette førte til at det vart så som så med finspel. Banen vart og tung å springe på og gjorde at det var vanskeleg å halde tempo gjennom heile kampen. Dermed vart det ein del feilpasningar frå begge lag og mykje kjemping på midten. Det var og vanskeleg å vite kor hardt midtbaneslitarane våre Tore Sørås og Rene Adjemi kunne trø til, for litt for ofte vart det blese noko ukonsekvent frispark.

Likevel var det Suldal som hadde kontroll på kampen stort sett heile tida. Nemnde Rene gjorde ein formidabel jobb for å vinne ballar, og resten av laget viste og vilje og la ned mange tunge og viktige løp. Men sjølv om Suldal tok kommandoen, var det Hjelmeland som skåra først på omtrent den einaste sjansen dei hadde i kampen. Målet kom alt for lett. Plasseringsfeil på venstresida gjorde at ein heimespelar fekk stå heilt åleine og enkelt kunne plassere ballen forbi ein noko forfjamsa sesongdebutant i mål, Erik W. Vold. Bortsett frå dette baklengsmålet stod Erik ein stødig og sikker kamp slik han som så ofte før har gjort.

Etter kalddusjen tok Suldal over. Dei kjørte opp tempo og pressa Hjelmeland bakover. Etter ein del pasningar fram og tilbake mellom Thomas Brustveit, Espen Overskeid og Vegard, enda ballen hos Rene. Han skaut den flott over keeper frå 17 meter.  Ei stund hadde Suldal sjanse til å gå opp i leiinga, men stanga mot mål, blant anna etter fleire lange kast frå Geir Bjarte Hoftun.  Hjelmeland var nokre ganger frampå med halvsjansar, men det vart aldri spesielt farleg.

I andre omgang vart det meir klabb og babb, frispark og feilpasningar frå begge lag. Suldal kom til nokre avslutningar, men må vere meir presise i avslutningane. Ein gong sat likevel alt slik det skulle. Odd Åsgeir Lunde slo ein glimrande pasning gjennom til Vegard som gjekk på nok eit av sine kraftfulle løp. Han gjorde ingen feil og sette ballen kontrollert i mål og førte Suldal i leiinga. Utover i omgangen var det fleire tendense, men det vart ikkje spesielt farleg nokon veg. Hjelmeland hadde nokre dødballar som gav eit visst press mot slutten, men til slutt må ein vel seie at det var fortent at Suldal gjekk av med sigeren i generalprøva.

Fredag 17. april er det klart for sesongstart. Det blir to knalltøffe bortekampar Suldal skal ut i den neste veka. Fredag er det borte mot Mastra frå Rennesøy som rykka ned frå 4. divisjon i fjor. Tysdag i veka etterpå er det ambisiøse Midtbygden som står for tur. Resultata og spelet i desse kampane vil nok vere ein god peikepinn på korleis nivået på Suldal er denne sesongen.

Fakta:

Mål:

1-1 Rene Adjemi

1-2 Vegard Aas

Spelarar:

Erik W. Vold – Tor Olav Berge, Tor Arne Sigstad, Rune Andre Laugaland, Nils Arne Moe – Espen Overskeid, Tore Sørås, Rene Adjemi, Geir Bjarte Hoftun – Thomas Brustveit, Vegard Aas.

Innbyttarar: Odd Åsgeir Lunde, Torstein Erfjord, Øyvind Gjuvsland, Sigvart Vårvik.