Aldersbestemt fotball 2013

Her er ei oppsummering av aldersbestemt fotball 2013.

I 2013 har me hatt 7 lag som har delteke i Suldalsserie og Suldalscup. Dette er i klassane miniknott, knott, lilleputt og ungdomstrinn. Det er Suldal idrettslag som har vore arrangør dette året.

Det er aktivisert ca. 70 spelarar på desse nivåa.

Det har vore imponerande innsats både av spelarar og trenarar/lagleiarar. Foreldre har vore gode og positive støttespelarar til kjøring på bortekampar.

På kretsplan har me hatt eit 11er –lag i G-13 klassen som består av spelarar frå forskjellege stader i kommunen. Dei har spelt i 2.divisjon og gjort ein framifrå innsats.

Me har også hatt eit G16-lag som har spelt 1.divisjon krets. Same opplegg med spelarar frå fleire stader i kommunen. Det er sterkt av ein liten klubb å stilla lag i 1.divisjon og sjølv om dei enda i nedre del av tabellen, så var det likevel fleire gode resultat å ta med seg.

Pga. skader og skule var det ein redusert gjeng som fullførte sesongen.

Både G13 og G16 deltok på Dana Cup i Danmark i juli. Her oppnådde begge laga svært gode resultat. Ei kjekk turnering i strålande sommarver.

 

G13

G13-laget til Suldal spelar i år i 2. divisjon 

Det er Morten Jelsa som er trenar, og med seg har han Øyvind Halgunsest. Radarparet har altså teke på seg ein ny generasjon Suldalsgutar!

Haust 2013: G13 – 2. divisjon avdeling 3

På fotballkrinsen sine sider kan ein sjå alle resultat, samt tabell.

Referat kan ein få ved å klikke på resultata i terminlista under.

DATO DAG TID HEIMELAG BORTELAG BANE RES.
28.08 onssdag 18:30 Suldal Åkra Eide stadion  7-1 (2-0)
02.09 måndag 18:30 Falkeid Suldal Tysværvåg gras  6-4 (2-1)
09.09 måndag 18:30 Suldal Haugar 2 Prestavikjo  8-1 (4-1)
18.09 onsdag 18:30 Skjoldar 2 Suldal Skjold kunstgress  4-2 (4-2)
30.09 måndag 18:30 Suldal Sveio Prestavikjo  1-4 (1-0)
16.10 onsdag 18:30 Sauda Suldal Sauda stadion  5-3 (3-3)

 

Vår 2013: G13 – 2. divisjon avdeling 5

På fotballkrinsen sine sider kan ein sjå alle resultat, samt tabell.

Referat kan ein få ved å klikke på resultata i terminlista under.

DATO DAG TID HEIMELAG BORTELAG BANE RES.
25.04 torsdag 18:30 Skjoldar 2 Suldal Prestavikjo  3-6 (1-3)
29.04 måndag 18:30 Suldal Djerv 1919 3 Prestavikjo  6-3 (2-2)
08.05 onsdag 19:00 Vard Haugesund 3 Suldal Gymnasbane 7  3-2 (2-2)
13.05 måndag 18:30 Suldal Falkeid Prestavikjo  2-4 (1-1)
27.05 måndag 17:00 Stegaberg Suldal Frakkagjerd  2-4 (1-1)
03.06 måndag 18:30 Suldal Sveio 2 Prestavikjo  5-1 (4-0)
12.06 onsdag 18:30 Haugar 2 Suldal Sakkestad kunstgras *  3-2 (0-1)

G16

1. divisjon avdeling 3

G16-laget til Suldal spelar i vår i 1. divisjon avdeling 3.

I vårsesongen var det Morten Jelsa som var hovudtrenar, og med seg hadde han Tor Olav Berge som hjelpetrenar og Gro Fisketjøn som oppmann. Øyvind Halgunset ser ut til å ha lurt seg med og, ettersom fleire av referata er skrivne av han.

Etter sommarferien tok Bjørn Deilkås over trenaransvaret for laget.

På fotballkrinsen sine sider kan ein sjå alle resultat, samt tabell.

Referat kan ein få ved å klikke på resultata i terminlista under.

 

DATO DAG TID HEIMELAG BORTELAG BANE RES.
11.04 torsdag 19:00 Suldal Stegaberg Prestavikjo 2-1 (0-1)
15.04 måndag 19:00 Torvastad Suldal Torvastad 3 kunstgras 1-0 (1-0)
02.05 torsdag 19:00 Suldal Djerv 1919 2 Prestavikjo 1-4 (1-2)
16.05 torsdag 19:00 Suldal Falkeid Prestavikjo  1-4
20.05 måndag 18:30 Bremnes Suldal Sentralidrettsanlegget kunstgras  4-2
26.05 søndag 16:00 Haugar Suldal Sakkestad kunstgress *  3-2
06.06 torsdag 19:00 Åkra Suldal Åkra kunstgress  1-2
13.06 torsdag 19:00 Suldal Kopervik Prestavikjo  3-2 (3-0)
20.06 torsdag 19:00 Odda Suldal Odda Stadion Kunstgress  3-0
22.08 torsdag 19:00 Stegaberg Suldal Frakkagjerd
29.08 torsdag 19:00 Suldal Torvastad Prestavikjo  1-4
12.09 torsdag 19:00 Djerv 1919 2 Suldal Djervbanen  1-1
19.09 torsdag 18:30 Suldal Bremnes Prestavikjo  4-0
26.09 torsdag 18:00 Falkeid Suldal Tysværvåg gras
03.10 torsdag 19:00 Suldal Haugar Prestavikjo  2-3
24.10 torsdag 19:00 Suldal Åkra Prestavikjo
31.10 torsdag 19:00 Kopervik Suldal Åsebøen Kunstgras
07.11 torsdag 19:00 Suldal Odda Prestavikjo