Nye treningsdressar

Suldal idrettslag vil nå ta bestilling på nye Adidas treningsdressar.

Det vil verta mogleg å prøva både jakke og buksa i gymsalen på treningane framover, frå og med søndag 4/2. Kassen blir liggande i ei av skuffene under scenen.

Me tilbyr to typar overdel, ein med kort glidelås, og ein vanleg jakke med lang glidelås.  Det vert og anledning å velja i to typar bukser, ein standard passform, og ei med meir smalnande bein.

Det er tre logoar framme på jakken (Suldal IL, Statkraft og SpareBank 1 SR-Bank). På ryggen står det Suldal IL.

Buksa har glidelås nederst på beina.

Bestillingsfrist er onsdag 21. februar.

Me legg bestillingsliste saman med draktene. De kan og bestilla ved å senda e-post til leiar@suldal-il.no eller fotball@suldal-il.no. Ein kan og sjå storleikar på Adidas sine sider.

 

Prisane varierer etter kva alternativ ein vel, sjå prislista.