Terminlister for a-lag 2015: 6. div og 7’er-div.

De finn terminlistene til laga våre på fotball.no sine sider. Sjå lenkjene lenger ned i saka. Her kan de klikke dykk vidare inn på tabellar og resultat.

Det vil bli laga tradisjonelle samlesider for kvart lag etter kvart med lenkjer til referat, men nett nå er nettansvarleg litt travel. Derfor blir det ein forenkla løysing i alle fall fram til mai. Underteikna skal studere sørlegare grasmatter, og sjekke ut om taktikken i Sør-Italia kan vere noko å ta med seg heim!

Terminliste a-lag 6. divisjon avd. 2. Første kamp er borte mot Paradis 10/4. Så ny bortekamp før første heimekamp mot Forus og Gausel 2 25/4.

Terminliste a-lag 7’er-divisjon avd. 04: Alle kampar går i Stavanger. Første kamp mot Vidar 4 den 30/4.