Besøk sidan februar 2009

Korleis er skiføret?

Løypekøyraren på Facebook: Klikk her!

Stråpanuten – 431 moh.

 

Stråpanuten skulle vel vere godt kjend for dei fleste, karakteristisk og lett tilgjengeleg som den er. Og kjært barn har mange vegar opp!

Stråpanuten med Oppigarden framfor.

Stråpanuten med Oppigarden framfor

 

Dei fleste som går opp på den 431 meter høge nuten startar frå Bergsvegen på Stråpa, rett før vegen stig rett til vers mot Berge. Her går stien bratt opp ein grasbakke før den held fram opp mellom trea til ein gjengrodd flate med ein svær stein på. Flaten heiter Huskjelane, og steinen sjølvsagt Kvilesteinen. Underteikna meinar å hugse at denne steinen låg ope til i gamle dar, men nå er den mest gøymd mellom buskar og småtre.

Starten i Bersvegen

Starten i Bergsvegen

Mens ein går opp denne bratte bakken, må ein hugse på å snu seg av og til for å sjå ei fin utsikt mot Gamle Osen. Med mindre ein er oppteken av å setje rekord, vel å merkje. Då har ein nok med å sjå rett inn i bakken for å planleggje kor ein skal setje foten neste gang.

Etter Huskjelane kjem ein til eit vegskilje. Den merka stien held til høgre, og den fører gjennom Lauvskar og fram

Gamle Osen

Gamle Osen

til stien som kjem frå Håvodl, inst på Stråpa. Denne løypa snor seg rundt nuten, og ein går opp via ryggen frå baksida, mellom anna går ein forbi tjørna Låjo og verktøyskrinet til Gjermund. Før ein tek fatt på siste stigninga opp ryggen, kjem og stien frå Berge og Vetrhusstølen inn på denne ruta. Dette alternativet er ikkje så bratt, men noko lenger enn om ein vel å ta til venstre ved nemde vegskilje.

Skriv deg inn i boka!

Skriv deg inn i boka!

Dersom ein tek til venstre etter Huskjelane, så går stien rett opp nær sagt på framsida av nuten. Her er det ikkje rom for kaffikvil. Denne ruta er for dei som skal setje rekord og har motbakkemusklar, for her er det bratt. Ein kjem då opp på nuten akkurat der boka du skriv deg inn i heng. 25. juli skreiv nummer 793 seg inn i boka.

Vel ein å ta turen rundt nuten, vil ein etter siste motbakke komme opp på Gjermunds minneveg. Denne minnevegen snor seg mellom tuene på toppen fram mot kanten av nuten og eit framifrå

Gjermunds minneveg

Gjermunds minneveg

utsyn over Stråpa, Osen, Moane, Vikjo, Lunde. Åsane og Steine. For best panorama må ein gå vidare litt ned frå toppen og fram på kanten.

For å få seg ein rundtur, kan ein velje å ta nedturen via Vetrhusstølen, Geitajuvet og Berge, eller ned Sutarebakkjen og inn på skogsvegen til Stråpa, og så velje om ein

Utsikt frå Stråpanuten

Utsikt frå Stråpanuten

vil gå gjennom Håvodl og Brauto eller Teigen tilbake til Nedi- og Oppigarden.

Turen kan dei sprekaste gjere unna på ein god halvtime, mens mange fint går opp og ned på ein god time. Kven som har rekorden, er ikkje heilt sikkert. Nokon som veit? Men spring du opp under 20 minutt, så er du god i motbakkeløp!

Høgdeprofilar for dei ulike rutene opp til Stråpanuten. Klikk eit par gonger på profilane for å få større versjon.

Stråpanuten frå Bergsvegen via Låjo og nutryggen.

 

 

 

 

 

 

 

 

Stråpanuten frå Bergsvegen og opp på framsida av nuten.

 

 

 

 

 

 

 

 

Stråpanuten frå Stråpa via Låjo.