Øyane

For enkelte Osabuar har Førlandsøyane heil fram til nå vore ei gøymd perle. Boka som er på staden fortel at det er eit populært turmål for folk frå Førland og Gardane, men det sleng nå ein del innom frå lenger opp i dalen og.

Målet: Bok, benk og bord i Førlandsøyane

Målet: Bok, benk og bord i Førlandsøyane


Du skal forbi Grendahuset på Førland.

Du skal forbi Grendahuset på Førland.

For å komme seg til Øyane, er Grendahuset på Førland eit godt utgangspunkt. Her kan ein setje bilen frå seg, og då har ein føre seg ca 3 km langs grusveg, kulturlandskap og skogssti før ein kjem til målet. Har ein sykkel, og dette er ein flott sykkeltur frå f.eks. Osen, kan ein fint sykle minst to av desse kilometrane. Med robust sykkel kjem ein seg og heilt fram.

Grusvegen går frå Grendahuset, ned ein bakke og svingar seg så mellom ekrene på Førland. Her syklar ein med anna forbi eit blankskurd fjell på høgre side. Her heng det tau, så det er sikkert eit mål ein kan nå opp denne vegen og. Til opplysing så er nok ikkje dette blankskurde berget ein del av kunstnarprosjektet Destination, dette har naturen greidd på eiga hand.

Etter grinda kjem ein inn på beitet.

Etter grinda kjem ein inn på beitet.

Vegen går langs vatn i ymse fart og form.

Vegen går langs vatn i ymse fart og form...

Når ein har passert dette berget, kjem ein til ei grind. Bak denne er det beite for små- og storfe. Frå her av er vegen graslagd, og den går langs dammar, bekkar og kanalar. Eit par plasser må ein over nokre bruer. Siste bekken ein må over, må ein rekne med å bli litt blaut. Iallefall fann ikkje underteikna bru her, men pyttsann.

Opp ein bakke til ein teig, og så siste stykke gjennom skogen på vanleg sti. Når ein høyrer fossen, er ein framme. Rett før denne fossen står det eit par benker og eit bord der ein kan nyte nistepakken mens ein skriv seg inn i boka og nyfiken les kven som har vore der før.

Hugs og å ta ein tur bort til elva, der ho akselererar fram mot Juvet. Så er det berre å ta same turen tilbake og sjå om ein gjekk glipp av noko på vegen fram.

Høgdeprofil for Øyane frå Grendahuset på Førland. Klikk eit par gonger på profilen for å få det større.