Midtstølen 550 moh

Kolbeinstveit var tidlegare ein gard der mektige menn var busett. Garden hadde tre stølar, og den midtste av desse er eit av måla for Skogstrimmen: Midtstølen.

Midtstølen


Ein kan følgje røyrgata opp, men berre om ein er ekstra sprek!

Ein kan følgje røyrgata opp, men berre om ein er ekstra sprek!

Det er merka to vegar til stølen, ein kan velje å gå frå Brustveitskilen i Veka, eller ein kan parkere på den nye parkeringsplassen før ein kjem til Kolbeinstveit og gå opp skogsvegen. Vel ein vegen frå Brustveitskilen, seier rykta at ein får gå meir på sti enn om ein går frå Kolbeinstveit.

Skogsvegen leier opp til dammen som demmer opp magasinet til kraftverket til Lars. Den går somme stadar rett opp, men går ein i jamnt, roleg tempo så skulle det gå greit.

På vegen opp til vatnet er det to vegskilje der det er greit å ta rett retning. Hovudregel: Hald til venstre! Turfølgjet denne dagen gjekk først inn til bygningen som husar kraftverket, og tok så rett opp røyrgata. Det gjekk greit det og, men det er nok betre å ikkje gå inn til kraftverket og heller ta opp til venstre når ein ser bygningen.

Vegen føl ein oppover eit godt stykke, og somme plasser er det god utsikt sørover mot andre sida av Suldalsvatnet. Neste kryss er det vanskeleg å ikkje få med seg. Her står det klart og tydeleg: «Følg merka løype». Altså skal ein av vegen her og inn på sti som snor seg til venstre for ein kolle. Skogsvegen fer vidare eit par hundre meter til dammen som ligg på høgre sida av denne kollen.

Klar beskjed. Ta til venstre her.

Klar beskjed. Ta til venstre her.

Ikkje gløym å snu deg for å sjå på utsikten! Dagfinn og Lars Ivar har forstått det.

Ikkje gløym å snu deg for å sjå på utsikten! Dagfinn og Lars Ivar har forstått det.

Stien føl ein oppover skogen. Til å begynne med er den svært godt merka, slik at alle går i same faret og lagar ein god sti. Stien går til venstre for vatnet som er oppdemt. Lenger opp i lia kjem ein inn på den gamle stien, og då er det ikkje lange vegen igjen før ein kryssar ein bekk og går inn på bøen til Midtstølen. Her ligg eit einsleg hus, og i enden av dette huset ligg skrinet med bok i.

Turmålet er ikkje så godt besøkt. Det skulle ikkje vere nokon grunn til det. Turen opp tek omlag ein time med jamn gange. Sjølv om ein del av turen går på skogsveg, er likevel halvparten av løypa i fint turterreng. Vel er det bratt på vegen, men hugs på å snu og sjå på utsikten med jamne mellomrom, samt hald eit jamnt tempo så er ein oppe før ein veit ordet av det.

Nokon som lurer på kor hjarta i Suldal er? Svaret er Tjordal, tvers over dalen!

Nokon som lurer på kor hjarta i Suldal er? Svaret er Tjordal, tvers over dalen!

Stien går til venstre for det oppdemde vatnet.

Stien går til venstre for det oppdemde vatnet.

Ned igjen kan ein gjere ein runde av det og gå til Brustveitkilen. Om ein er interessert i ein lenger tur, kan ein halde fram opp lia til den øvste av stølane til Kolbeinstveit; Vasstølen. Ein kan og gå opp skaret og så ta vestover mot Langhaug. Då kan ein gå ned til Veka, eller er ein rektig sprek så tek ein turen til Vinjarnuten. same slengen!

Høgdeprofil for Midtstølen. Klikk eit par gonger for stor versjon.