Rettleiing leggje ut info

1.0 Korleis leggje ut informasjon på www.suldal-il.no?

NB: Rettleiinga kan avvike noko med tanke på kor i styringspanelet ein finn dei ulike funksjonane alt etter korleis det ser ut når ein oppdaterer programmet. Skulle du ikkje finne det du leitar etter, kontaktar du nettansvarleg@suldal-il.no

Noko står dessutan på engelsk i rettleiinga, medan det nå står på norsk i styringspanelet. Dette finn du sikkert ut av!

Innhaldsliste

1.0 Korleis leggje ut informasjon på www.suldal-il.no? 1

2.0. Logge på. 1

2.1. Logg på med brukarnamn og passord. 1

3.0. Leggje ut nytt innlegg (nyhende) som kjem på framsida. 1

3.1. Skrive eit innlegg. 1

3.2. Leggje inn brot. 2

3.3. Merke kategori, settje inn stikkord, leggje til kommentar. 2

3.4. Skal du laste opp bilete på innlegget? 2

3.5. Lage lenkje til ei anna side. 3

3.6. Setje inn galleri 3

3.7. Lagre/publiser sida. 3

3.8. Sjå resultatet. 4

4.0. Lage ny side 4

4.1. Skrive sida. 4

4.2. Leggje sida på rett plass. 4

2.0. Logge på.

2.1. Logg på med brukarnamn og passord.

    Dette kan du få ved å henvende deg til nettansvarleg@suldal-il.no

  1. Innlogginga skjer nedst på sidemenyen til høgre.

  2. Når du har logga inn, kjem du til Styringspanel. Det er her det meste skjer.

  3. Det kjem nå an på kva type brukar du er. Dei fleste blir det som er kalla Editor, og då får du tilgang til å

  • leggje ut innlegg (det som kjem på framsida)

  • lage sider (faste sider som ein kan finne gjennom menyen øvst på sida).

  • laste opp bilete/video og lage biletgalleri.

Nå er du klar til å leggje ut nyhende (innlegg) eller side.

3.0. Leggje ut nytt innlegg (nyhende) som kjem på framsida.

3.1. Skrive eit innlegg.

  1. Hald musa over Innlegg og vel Legg til ny
  2. Finn ei passande overskrift.

  3. Start gjerne brødteksten med ingress, altså ein setning eller to i feit skrift.

  4. Skriv det du har tenkt å skrive.

    Skal du ha bilete øvst, så bør du starte teksten to linjer ned. La altså dei to øvste linjene stå opne.

3.2. Leggje inn brot.

  1. Dersom innlegget er meir enn 3-4 linjer, så bør du leggje inn brot slik at berre det som kjem før dette brotet i teksten viser på framsida. For å sjå resten av innlegget, må lesaren klikke seg vidare. Då får me ikkje så lange innlegg på framsida.

    • For å leggje inn brot, stiller du tekstmarkøren der du vil ha brotet og klikkar så på ikonet som ser ut som eit kvitt ark som er delt. Dette finn du i den første ikonlinja i det grå feltet. Rett atmed stavekontroll.

3.3. Merke kategori, settje inn stikkord, leggje til kommentar.

  1. Hugs å merke av kva kategori innlegget er. Gjeld det a-lag, aldersbestemt lag, fotball, ski, resultatliste, kva skjer framover, trim, ymes eller ein anna kategori? Du merkar av i rutene for dei kategoriane som måtte passe til høgre på redigeringssida du nå er inne på.

  2. Er det eit stikkord som er spesielt for dette innlegget? F.eks. namn på eit lag, person, stadnamn eller anna som kan framhevast? Det kan du skrive i feltet Add new tag. Dette feltet finn du under kategoriane i punkt 6.

  3. Vil du stengje for at folk kan leggje til kommentarar? Det gjer du heilt nede på redigeringssida under overskrifta Diskusjon. Hukk vekk merket ved Allow comments on this post.

3.4. Skal du laste opp bilete på innlegget?

    Det ser finast ut om kvart innlegg har eit bilete som viser på framsida. For å laste inn bilete, gjer du følgande:

  • Plasser tekstikonet der du vil ha biletet.

  • Sørg for å ha biletet lagra på datamaskina di. Om det er eit du har teke sjølv eller om det er noko du har lasta ned frå nett. I siste tilfellet bør ein vere merksam på å få med kven som har teke biletet og/eller kven som sit på rettane til biledet dersom dette er oppgitt.

  • Klikk så på ikonet for opplasting av bilete:

    Dette finn du i første ikonlinje, rett ovanfor det grå feltet, der det står Upload/Insert

  • Nå trykkjer du på Select Files og leitar deg fram til der du har lagra biletet og opnar dette. Biletet blir så lasta opp.

  • Når det er klart, får du opp ei rute der du kan gjere forskjellig

    • I feltet Caption kan du skrive inn ein bilettekst. Ver merksam på at du må vere sikker på kor du vil ha biletet når du legg til tekst, for det blir kluss om du flytter på biletet etter at tekst er lagt til. Vil du endre på noko etter at tekst er lagt til, bør du berre slette biletet og teksten og laste opp biletet på nytt.

    • I feltet Link URL, kan du velje om ein skal kunne klikke på biletet for å få det i original storleik (vel File URL), eller om ein skal komme inn på resten av innlegget ved å klikke på det (vel Post URL). Ein kan og skrive inn ei anna web-adresse om ein vil at ein skal komme til ei anna internettside ved å klikke på biletet.

    • Om ein går lengre ned i denne kommunikasjonsboksen, skjem ein til korleis ein vil plassere biletet i tekste. I feltet Alignment kryssar ein av det som måtte passe. Skal biletet vise på framsida, skal du her velje Right slik at framsida ser fin ut.

    • Siste val ein kan gjere er storleiken på biletet. Skal det vere på framsida, så skal du her velje Thumbnail. Dersom det ikkje går, er biletet mindre enn 150×150 pixel og du vel då Full size.

    • Nå skulle det vere klart for å setje inn biletet. Klikk på Insert into Post.

    • Du kan framleis redigere storleik og plassering ved å klikke på biletet og dra det ut/flytte på det. Du kan og slette det ved å klikke på «forbudtikonet», eller redigere meir ved å klikke på «biletet/maleriet».

3.5. Lage lenkje til ei anna side.

  • Dersom du refererer til andre sider som du vil at lesaren skal kunne klikke seg vidar på, kan du leggje til ei lenkje. Dette gjer du slik:

    • Marker teksten som skal kunne klikkast på for å gå til ei ny side.

    • Klikk på ikonet som ser ut som ei lenkje/kjetting. Dersom du ikkje kan klikke på ikonet, så har du ikkje markert nokon tekst.

    • Skriv inn adressa lenkja skal vise til. Hugs full adresse, altså http://www.osv….

    • I feltet Mål vel du Open link in the same window dersom du viser til ei anna side på www.suldal-il.no. Vel Open link in new window dersom du viser til ekstern side.

    • Vel så Insert.

    • Du kan bryte ei lenkje ved å markere lenkje i teksten og så klikke på «lenkjebrotikonet».

3.6. Setje inn galleri

  • Du kan setje inn biletgalleri i eit innlegg. Gjer følgande:

    • Hald musa over Galleri heilt øvst på sida og vel så Add Gallery/Images. NB: Ver merksam på at du då går vekk frå redigeringssida. Galleriet bør du helst ha lagt på førehand.

    • Skriv namn på det nye galleriet du skal lage og klikk Add Gallery.

    • Vel så Upload Images frå den heilt lysegrå linja.

    • Vel galleriet du skal ha bileta inn i der det står Choose gallery.

    • Så finn du bileta du vil ha inn i galleriet ved å klikke på Browse.

    • Finn alle bileta du skal ha inn på denne måten. Når du er ferdig, klikkar du på det blå ikonet Upload Images. Bileta blir då lasta opp eitt for eitt.

    • Når opplastinga er ferdig, går du inn i redigeringa av teksten din. Nå skal du leggje galleriet inn i innlegget. Set først tekstmarkøren der du vil ha galleriet.

      Så går du vidare ved å klikke på ikonet som heiter NextGEN.desc som ser slik ut:

    • Vel så kva galleri du skal ha inn.

    • Vel korleis galleriet skal sjå ut. Slideshow er å anbefale.

    • Klikk til slutt på Insert.

3.7. Lagre/publiser sida.

    Før du publiserer sida, bør du gjennom sjekklista:

  • Overskrift

  • Ingress med feit skrift

  • Brot i teksten etter 3-4 linjer.

  • Står biletet fint dersom du har det med?

  • Har du valt kategori?

  • Sjekk skrivefeil.

Er alt greit, så klikkar du på Publisert, blå knapp til høgre på sida.

3.8. Sjå resultatet.

    For å sjå korleis det ser ut, kan du klikke på Suldal Idrettslag – Visit site øvst på sida.

4.0. Lage ny side

4.1. Skrive sida.

Du kan leggje ut nye sider under www.suldal-il.no. F.eks. Lilleputt under aldersbestemt fotball, treningstider under volleyball, resultat under ski osv. Sidene skal du kunne finne igjen i menyen øvst på heimesida. Dette gjer du slik:

  1. Hald musa over Side øvst i menyen.
  2. Vel Add New
  3. Du byggjer opp sida nett slik du gjer når du skriv eit innlegg. Overskrift, brødtekst, bilete, lenkjer og galleri er heilt likt. Her treng du ikkje leggje inn brot i teksten.

4.2. Leggje sida på rett plass.

  1. Det viktige her er kor sida hamnar i nettsidehierarkiet. Dette er det best nettansvarleg tek seg av. Send ein e-post!
  2. Når du har gått gjennom sida og sjekka skrivefeil, er det berre til å klikke på Publiser. Sida er nå lasta opp.