Nyttårsturnering 2009

Den årvisse Nyttårsturneringa i gymsalen på Vinjar gjekk av stabelen onsdag 30. des.

I år var det 24 karar i alderen 15 til 53 som møtte opp og var spente på kven dei kom på lag med i år. For i denne turneringa melder ein seg på enkeltvis, så vert laga trekte. Ut frå dette, vart det åtte lag fordelt på to grupper som skulle kjempe om sigeren. Dei to beste frå kvar gruppe spelte semifinalar om retten til å spele i finalen. Taparane i semifinalane kjempa om bronse. Nummer tre i kvar gruppe møtte kvarandre for å spele om 5. og 6. plass, medan jumboane kjempa om å få den gjeve sisteplassen.

Når laga er klare, er det alltid prat om kven som kjem til å hevde seg i år. Det ideelle kombinasjonen er kanskje ikkje god å seie på førehand, men det er nokre eigenskapar som ein kjem lagt med i denne turneringa. Ein må ha vilje til å vinne kvar duell, ein må ha ein stødig kar bak til å dirigere, ein treng ein galaislave til å jage ballen, ein som kan halde på ballen, og  nokon med teknikk og auge for små luker. Sidan ein berre kan ha tre på kvart lag, har ein trekt eit godt kort om ein kjem på lag med nokon med fleire av desse eigenskapane. Lat oss seie at det nok var eit par lag som peikte seg ut alt før første spark var tatt. Men det kjem ofte overraskingar…

Publikum på plass.

Puljekampane gjekk raskt og effektivt føre seg utan dei store kontroversane. Stort sett vart det jamne kampar, 1-0 og 2-1 var vanlege resultat. Dog, det kom eit par storsmellar, men 6-1 som den største. Før siste runde, var dei som skulle vise seg å bli vinnarlaget alt klare for finalespel, medan resten av laga måtte vinne for å komme seg til semi eller unngå sisteplassen i pulja. Men ingen kom likt, og til slutt såg tabellane slik ut:

Pulje 1

Nr 1 – 9 poeng: Bjørn MS. – Sigvart – Fredrik

Nr 2 – 6 poeng: Hans Olav – Vidar – Nils Arne

Nr 3 – 3 poeng: Dagfinn N. – Rune Andre – Neri

Nr 4 – 0 poeng: Svein Øystein – Ådne – Terje

Svein Øystein har overblikket.

Pulje 2

Nr 1 – 7 poeng og 6+mål: Thomas – Øyvind – Svein Egil

Nr 2 – 7 poeng og 2+mål: Jørn – Sindre – Ingve

Nr 3 – 3 poeng: Christer – Tore MS – Øystein N.

Nr 4 – 0 poeng: Lars Christian – Tor Olav – Dagfinn H.

Plasseringsspelet om 5.-8. plass gjekk finsleg for seg, men i semifinalane kom temperaturen og vinnarviljen etterkvart fram hos dei fleste, og dommarane fekk litt å stri med. Størst usemje er det om ballen er i mål eller ikkje. Den eine semifinalen måtte avgjerast ved sudden death – eller plutseleg død.

Simmen og Ola meiner at det var betre før...

Til slutt var det laga som vann puljene sine som stod igjen og skulle møta kvarandre i finalen. Denne går i motsetning til resten av kampane, som varer i sju minutt, over 2 x 5 min. Svein Egil fekk det første målet med ein lobb frå eigen halvdel. Så utlikna Fredrikk med eit skot som var så hardt at publikum delte seg på midten om ballen var i mål eller ikkje, men dommaren godkjente. Så lurte finaleveteranen Thomas inn leiinga frå midtbanen, og det skulle sjå ut til at han skulle vinne sin ørtiførtiende nyttårsturnering.

Men ungdommane ville det anleis. Sigvart kjempa inn utlikning frå kanten ikkje lenge før full tid. Dermed måtte finalen avgjerast på sudden death. Ofte ligg laga då og lurer på kvarandre for ikkje å sleppe inn mål. Det gjorde dei og her. Men då mindre enn minuttet var att og publikum lukta straffekonk., fann Bjørn ei opning  og klemde ballen i mål frå fem meter. Dermed var det avgjort, og arrangørane Neri og Svein Øystein kunne avslutte nok ei vellukka turnering, utan dei heilt alvorlege skadene hos deltakarane. Takk til dei!

Under følgjer laga og plasseringane.

Nr. 1 Sigvart Vårvik

Fredrik Deilkås

Bjørn S. Madland

Nr. 2 Svein Egil Holmestad

Øyvind Gjuvsland

Thomas Brustveit

Nr. 3 Jørn Våge

Sindre M. Steine

Ingve Berge

Nr. 4 Vidar Hilde

Hans Olav Brustveit

Nils Arne Moe

Nr. 5 Dagfinn Nerheim

Rune Andre Laugaland

Neri Fisketjøn

Nr. 6 Christer Hansen

Tore M. Steine

Øystein Nerheim (gått i dusjen…)

Nr. 7 Lars Christian Bakka

Dagfinn Havrevold

Tor Olav Berge

Nr.8 Svein Øystein Berge

Terje Gjuvsland

Ådne Nerheim