Innbyding til sonesamling 6 juni

Treningssamling på Gullingen søndag 6 juni

Skigruppa i Suldal IL inviterer med dette alle ski interesserte i Hjelmeland, Sauda, Vindafjord og Suldal til felles treningssamling på Gullingen søndag 6 juni. Oppmøte kl. 10.00.

 Program for dagen:

 For dei frå 5. klasse og oppover:         Kl.10.15          Rulleskitrening

                                                        Kl.12.00          Lunch

                                                        Kl.13.00          Barmarkstrening

For dei frå 1-4 klasse:       Kl.10.15          Barmarkstrening

                                          Kl.12.00          Lunch

                                           Kl.13.00          Velje rulleski eller kanopadling

 Familietilbod:     for yngre søsken og andre familiemedlemmar som ikkje vil trene vert det tilbod om ein tur med leik/balansering i skogen før lunch og kanopadling etter lunch. (ved mykje vind vert det orientering i staden for padling)

Gullingen huset vil vere opent heile dagen med garderobar/dusjar. Ta med mat og drikke. Det vil vere varme grillar tilgjengeleg ute under matpausen og været får avgjøre om ein vil spise ute eller inne.

Ta med treningsklær for 2 treningsøkter og joggesko. Rulleski, stavar, hjelm og refleksvest for dei som skal vere med på rulleskitreningane. Badetøy for dei tøffaste.

Dei aller minste som vil padle (dei under 30 kg) bør ha med eigen redningsvest

Påmelding til Torill Telstad på e-post: alf.tor@ online.no med navn, klubb og alder før fredag 4 juni. (alternativt på telefon 99403439)

 Helsing styret og trenerane i skigruppa i Suldal IL