Kort om a-laget fram til og med 2008

Det du finn her er soge frå eige bryst. Håpet er å få ei meir utfyllande historie, men inntil vidare:

Suldal IL sitt a-lag ligg for tida i 5. divisjon og har gjort det ei tid nå.

Det var såvidt at me berga plassen i 2008-sesongen, først i siste kamp klatra me bort frå nedrykksplassen. Året før, i 2007, gjorde derimot Suldal sin beste sesong nokon gong i seriesystemet, då me kom på 3. plass i divisjonen.

Laget spelar på Prestavikjo og har Osen som utgangspunkt, men det er svært kjekt at me har spelarar frå alle skulekrinsane i kommunen så nær som Vanvik. Dette er med og byggjer samhald innan kommunen. I tillegg er det og god ungdomspolitikk med tanke på at spelarar som flyttar vekk på skule eller jobb framleis har eit tett band til heimkommunen.

Kor mange sesongar Suldal har hatt i divisjonssystemet får me komme tilbake til, men debutsesongen er nok i alle fall 30 år tilbake i tid. Det er ikkje kvar sesong Suldal har hatt med lag, men spelarar frå idrettslaget har då vore involvert i eit av dei andre laga frå kommunen som på 80- og 90-talet kjempa knallharde lokaloppgjer på Nes, Sand og Jelsa.

I seriesystemet har det stort sett vore 5. og 6. divisjon. Størst inntrykk har nok mange av spelarane frå Rogalandcupen. I 2003 gjorde me det knakande bra her, slo ut 3. divisjonslaget Buøy då me sjølv spelte i 6. divisjon og møtte Viking i kvartfinalen i Vikjo. Dette var den tida Viking brydde seg om å byggje relasjonar til lag og supportarar utanfor Nord-Jæren, og dei stilte med alt dei hadde av spelarar. Brede Hangeland hadde vel ikkje akkurat ei stri økt, men kjekt var det lell.