Sesongen 2010

Sesongen 2010 hadde me god tru på i Suldal IL.

 Spelarstall 2010

Harde fakta 2010

Referat og resultat 5. div avd 2 – 2010

Referat og resultat 7. div avd 2 – 2010

Referat og resultat Suldal 1 og 2 – 2010

Treningskampar våren 2010

Treningstider a-lag 2010

Ronæseksperten 2010

Nyttårsturnering 2010

 

 

Oppsummering

2009-sesongen var ein solid opptur, der me berre var ein halv omgang frå å verkeleg vere aktuelle for 4. divisjon. Med eit par solide forsterkingar og eit ekstra år på baken på ein del unge skulle mykje liggje til rette for ein solid sesong.

Eit par stygge tap i starten av sesongen gjorde at me kom bakpå frå start. Vidare var det kampar me absolutt ikkje hadde marginene med oss, slik me hadde i fjor. Det kom nokre eit-måls-tap, og dermed var hovudutfordraren til opprykket; Midtbygden lagt føre oss på tabellen.

Resten av laga var svært jamne, alle slo alle, og heilt fram til dei siste rundane kunne me komme på alt frå 2. til sisteplass. Til slutt enda det på ein noko skuffande 6. plass, tre poeng bak 2. plassen. Me kunne godt tenkt oss å vore nærare MIL på tabellen, og burde absolutt vore det, men det vart for mange dumme mål imot og for få mål rette vegen.

Ein god og positiv 2009-sesong gjorde og at me hadde svært mange spelarar i troppen. For at det skulle bli nok speletid for alle, meldte me for første gong på to 11’er-lag i seriesystemet. Suldal 2 spelte i 7. divisjon og var ei god arena for unge spelarar som trong seniorrutine, eldre rutinerte spelarar som likte eit litt lågare tempo, og generelt sett spelarar som heller ønska å spele på dette nivået.

Det var tydeleg at både me og motstandarane møtte med litt forskjellige lag, avhengig av kor kampen gjekk. I Prestavikjo vann Suldal 2 alle bortsett frå ein kamp, mens det berre blei tap på bortebane. Det var likevel ikkje snakk om stortap, så humøret var godt i laget. Det gode heimespelet, samt at det var nokre lag som ikkje såg mon i turen inn til Suldal, gjorde at det vart ein fin 6. plass.

Me greidde alltid å stille skikkeleg mannskap til kampane, sjølv om me hadde to 11’er-lag. DET er ein god prestasjon for ei bygd som Suldal. For å få det til, var det mange som var sporty og positive til å stille opp, og Suldal 2 enda med å ha brukt over 50 spelarar gjennom sesongen.

Det mest positive i a-laget denne sesongen må dermed vere at me hadde så stor breidde, at alle som ønska det fekk mykje speletid – spesielt dei yngste, og at vedtak om kunstgrasbane i Prestavikjo vart gjort.

Litt skuffande var det at laget i 5. divisjon ikkje fekk ut potensialet sitt til det maksimale. Sjeldan har vel Suldal hatt eit betre utgangspunkt for å nå 4. divisjon. Kanskje var det ikkje nok spelarar som var tende nok til å klare det. Ein må vere minst 15 stk som er topp motiverte for å klare det, og det hadde me kanskje ikkje…?

Men eit kjempelyspunkt var det i denne sesongen: Me fekk vår første landslagsspelar og tippeligaspelar frå Suldal: Fredrik Deilkås spelte eit par kampar for Suldal før han for til FK Haugesund. Her fekk han nokre minutt i kamp mot Tromsø, samt uttak til aldersbestemt landslag. Det blir spanande å følgje denne utviklinga.

Kåringar:

Beste spelar Suldal 1: Tore B. Søraas

Toppskårar Suldal 1: Tore B. Sørås 10 mål

Unge spelar: Dagfinn Nærheim

Beste spelar Suldal 2: Christer Hansen

Toppskårar Suldal 2: Øystein Nærheim 6 mål

Flest kampar Suldal 1: Tor Arne Sigstad: Alle 17

Flest kampar Suldal 2: Christer Hansen og Ørjan Underbakke 12 kampar

Flest kampar totalt: Øystein Nærheim 23 kampar