Skitreningar vinteren 2011

Skitreningane starter opp igjen tysdag 4 januar kl 18.00 i lysløypa på Gullingen.

1-4 klasse møter med dei skia ein har og har treningar tysdagar frå 18.00 – 19.00. Treningane er hovudsakleg skileik og passar  for alle uansett nivå.  Trenerane vil være i løypa fram til 19.30 men siste halvtimen er «fri aktivitet» for dei som vil. Hugs varme vottar  (ikkje skihanskar). Siv Åse og Torill er ansvarleg for desse treningane.

Frå 5 klasse og oppover er det skøytetrening tysdager frå 18.00 – 19.00. Fri aktivitet frå 19.00 – 19.30. Møt med skøyteski (usmurte ski). Torsdag er det klassisk trening frå 18.00 – 19.00. Møt med ferdig smurte ski. (Her er det og mogleg for yngre løparar å delta men det vert ikkje gitt nybyrjaropplæring her). Stig Morten og Erik er ansvarleg for desse treningane.