Besøk sidan februar 2009

Korleis er skiføret?

Løypekøyraren på Facebook: Klikk her!

Korleis leggje ut info? / Biletebruk

For at me skal ha ei mest mogleg levande heimeside, er det viktig at sida vert oppdatert med aktivitetar og ting som skjer i idrettslaget.

Det er to måtar du kan få lagt ut informasjon på:

  1. Dersom du har fått brukarnamn og passord av nettansvarleg for sida (Jon), kan du leggje det ut sjølv. Korleis du gjer det, kan du lese meir om på sida Rettleiing leggje ut info.
  2. Du kan sende ein e-post der du skriv det som skal inn til nettansvarleg@suldal-il.no eller til andre du veit har tilgang.

Alt er interessant, ingenting er for lite, ingenting er for stort. Om det handlar om 5-åringar eller 100-åringar, om det skjer i gymsalen eller på Wembley, om det noko som skjer eller om det har skjedd. Del med resten av Suldal IL!

Om du ikkje har brukar sjølv, gjer du slik:

1. Skrive det de ønskjer skal ut i ein heilt vanleg e-post og send den til nettansvarleg@suldal-il.no

2. Alt blir meir interessant med bilete. Send svært gjerne det som vedlegg til e-posten dersom de har. Sjekk at de føl Datatilsynet sine normer for publisering av bilete på Internett. Legg spesielt merke til publisering av bilete og anna informasjon om barn. Er du i tvil, så ta kontakt med Jon.

Hovudpunkta i normen:

  • Situasjonsbilete kan brukast utan samtykke frå dei som er på biletet eller føresette så lenge biletet er harmlaust. Situasjonen bør då vere slik at det eigentleg kunne vore kven som helst som var på biletet. Det er situasjonen som er interessant. Eit bilete frå ein kamp kan vere eit slikt bilete.
  • Den som er avbilda på eit portrettbilete skal gi sitt samtykke til at biletet blir lagt ut. Er personen under 15 år skal føresett samtykke.
  • For at ein skal kunne leggje ut lagbilete/gruppebilete, må alle som er på biletet gi samtykke.
  • Unntak for samtykke:

a) avbildningen har aktuell og allmenn interesse,
b) avbildningen av personen er mindre viktig enn hovedinnholdet i bildet,
c) bildet gjengir forsamlinger, folketog i friluft eller forhold eller hendelser som har allmenn interesse,

Samtykke:

  • Treng ikkje vere skriftleg, men det skal ikkje vere tvil om at person/føresett veit kva denne har gitt samtykke til. Munnleg samtykke er altså greit. Samtykket må vere aktivt, dvs at personen/føresett verkeleg har sagt ja. Person/føresett skal vere klar over at biletet blir lagt ut på Internett, og at når det er publisert så kan kven som helst sjå det og laste det ned.

3. Jon legg det ut så snart han får tid.