Terminliste/resultat 7ér-divisjon 2012

Pulja for 7ér-fotballen er nå  klar, og i år som i fjor kjem me til å spele både borte- og heimekampane i Stavanger.

Resultat og tabell finn de her på Speaker.no.

Kampane er sett opp på torsdagar. Det kan hende me kjem til å avvike noko frå det for å få det til å gå i hop med 1’er-laget sine kampar.

Nytt av året er at me har ny oppmann, Sindre M. Steine. Grunna ein lumsk kneskade på fjoråret sin eminente oppmann Vidar Hilde, fann me det best å gi stafettpinnen vidare. Det er ikkje slik at Vidar ringjer og pratar med kneet, men skulle det ikkje bli så mykje spel så er det greit å ha ein som alltid er på plass til å styre skuta.

Det var ikkje eit vanskeleg val då erstattar for Vidar skulle leitast opp. Sindre var med på samtlege 7ér-kampar i fjor, og er av dei mest trufaste på treningane i byn. Han er både talefør og påliteleg, så dette kjem til å gå strålande.

I år håpar me at me kjem godt i gong og tek med oss det gode spelet og innsatsen frå haustsesongen i fjor. Nokre nye lag, og nokre kjenningar. Frå tidlegare har i alle fall Buøy 3 og Vidar vist seg å vere ganske så solide, men med eit positivt førsteår i fjor ser me lyst på 7ér-laget vårt.

Oppsettet er førebels som følgjer. Klikk på resultatet for å lese referat.

Dato Tid Heimelag Bortelag Stadion Resultat
Torsdag26. april Kl 21.00 Suldal 2 Øyane  0-5 (0-1)
Torsdag 3. mai Kl 21.00 Buøy 3 Suldal 2 8-1 (4-0)
Torsdag 10. mai Kl 21.00 Suldal 2 Siddis 3  1-5 (1-1)
Torsdag 17. mai Kl 21.00 Hundvåg 3 Suldal 2 3-4 (2-1)
Torsdag24. mai Kl 21.00 Suldal 2 Vardeneset 5 3-1 (0-1)
Torsdag 31. mai Kl 21.00 Suldal 2 Vidar  2-5 (1-4)
Torsdag 7. juni Kl 21.00 Brodd 3 Suldal 2  2-3 (2-1)
Måndag 3. sept Kl 21.00 Øyane Suldal 2  2-3 (0-1)
Torsdag 6. sep Kl 21.00 Suldal 2 Buøy 3  3-6

(1-2)

Torsdag 13. sept Kl 21.00 Siddis 3 Suldal 2
Tysdag 18. sept Kl 21.00 Suldal 2 Hundvåg 3  6-2 (1-2)
Torsdag 27. sept Kl 21.00 Vardeneset 5 Suldal 2  4-6

(2-3)

Torsdag 4. okt Kl 21.00 Vidar Suldal 2
Torsdag 11. okt Kl 21.00 Suldal 2 Brodd 3