Treningsdag på Gullingen for skigruppa 12 juni

For å holde formen ved like inviterar skigruppa til treningsdag på Gullingen søndag kl. 11.oo. Oppmøte «grillhuset» på leirskulen. Det vert ei økt med barmarkstrening og ei økt med rulleski. Dei yngste som ikkje har rulleski kan bruke rulleskøyter eller prøve skigruppa sine rulleski.

I pausen viser vi bilder frå nokon av aktivitetane vi har vore med på det siste året, og skigruppa har og med pølser til grilling.

Gamle tabellar for Suldal a-lag

Det er ofte kjekt å mimre. På fotball.no kan ein med litt leiting finne gamle tabellar.

Førebels har det berre vore råd å finne tabellane for sesongane 1999-2010, men me får sjå om me ikkje kan finne eldre saker etter kvart. Kos dykk med desse sesongane. De finn dei her, eller ved å gå inn på a-lag i menyen og leite i arkivet.

Harde fakta oppdatert

Ropeidhalvøya ruler poengbørsen!

Faktasida er nå oppdatert, og eit par nye ting finn du denne gang.

Vinjar Låjen har nå dukka opp på Suldal 2 sine kampar, og lover å følgje med på korleis byasane gjer det resten av sesongen. Dessutan har det komme ønskje om å få oversikt over kven som har målgivande pasningar til skåringane. Her har me berre oversikt over Suldal 1. read more…

5. div.: Skudenes – Suldal 6-3 (5-1)

Det vart ein målrik kamp i heile Noreg sin sommarby heilt sør på Karmøy.

Berre så synd at 25 fryktelege minutt i siste halvdel av første omgang øydela alle sjansar til å ta heim poeng. Denne perioden fekk heimelaget 4 mål og fekk Suldal sitt seniorlag til å sjå ut som ei blanding av old boys og knottar. read more…

7’er-div.: Suldal 2 – Hundvåg 3 6-3 (2-1)

Mål og bestemannspris: Bjørn V.

Der vart det endeleg siger for 2’er-laget, og oppmann og lagleiar Vidar Hilde kan kanskje få arbeidsro nokre dagar til.

Suldal 2 tok imot tabellnabo Hudvåg 3 på Hundvåg sin stadion i fint spelevêr. Det var eit skikkeleg botnoppgjer i divisjonen, sidan ingen av laga så langt hadde tatt poeng. read more…

7’er-div.: Madla 3 – Suldal 2 5-4 (4-1)

Etter tidenes opphenting gjekk me på nok et surt tap mot Madla3. Får lagleder Vidar Hilde sparken etter 4 strake tap????:)

Me starta 1. omgang litt usikkert, Madla satsa på lange baller fram mot målet vårt, og me blei springande litt imellom og fekk ikkje heilt tak på kampen. read more…

G16:Nord-Suldal 2-2 (2-2)

 

Årets første bortepoeng for 16-årslaget kom mot Nord, som held til på fastlands-Karmøy.  Etter mildt sagt rufsete ver dei siste dagane var me innstilte på både harde vindkast og bøttevis med regn under kampen tysdag kveld. Det hølja ned under turen utover, men vel framme på Nord sin kunstgrasbane så skein utruleg nok sola. Noko den fortsette med under heile kampen. read more…

G16: Djerv 1919-Suldal 7-1 (0-1)

Storspel i ein omgang. Men at ein pause kan forandre så mykje…    Det vart som venta ein tøff kamp borte mot Djerv torsdag kveld

Suldal mangla fleire sentrale spelarar mellom anna på grunn av eksamen, men trenar Morten Jelsa hadde i 12. time skaffa gode vikarar i Dagfinn Nærheim og Christer Hansen. Djerv har over tid vist at dei hareit av dei beste laga i fylket  i denne aldersklassen. read more…

5. div.: Suldal- Vedavåg/Karmøy 2 1-2 (1-1)

Dette må ein vel kunne kalle eit ran! At stillinga kan bli 1-2 når sjansestatistikken er minst 8-2, er vanskeleg å fatte.

V/K 2 er eigentleg eit topplag i divisjonen, og i utgangspunktet ville det vore vanskeleg å slå dei når me manglar så mange rutinerte som me i dag gjorde. Men brullaup på Karmøy og mange skader der og, gjorde at det absolutt var overkommeleg motstand for oss i dag. read more…

Besøk sidan februar 2009

Ulike kategoriar

Hovudsponsorar

Suldal IL på Facebook

Reiserekning

Her kan du laste ned reiserekning.
Word-filOpenOffice-filPDF-fil

Grasrotandelen

Kor mykje har me fått i Grasrotandelen? klikke her!

For å registrere deg, send SMS. Skriv:
GRASROTANDELEN 983958605 til 2020 (tenesta er gratis), eller ta kontakt med tippekomisjonæren din.