Suldalsjentene J16

Suldalsjentene J16

Suldalsjentene J16

Som dei fleste bør ha fått med seg, har Suldal IL nå eit reint jentelag med i kretsserien.

Her kjem ein presentasjon av Suldalsjentene, som dei kallar seg, skrive av jentene sjølv.

Me er 17 fotballglade jenter frå Suldalsosen, Sand og Ropeidhalvøya i alderen 14-16 år. Me spelar 11’er-fotball for første gong i år, noko som både er kjekt og skummelt. Dei første kampane har me dessverre tapt, men det gjer ikkje så mykje sidan me har det kjempekjekt på banen. Laget blir betre og betre for kvar kamp!

(meir…)

Terminlister og tabellar i menyen

Fotball

Sesongen 2016 er godt i gong og menyen er oppdatert til 2016-standard.

Som før finn ein tabellar, resultat og lenkjer til eventuelle referat i menyen til venstre på sida. Her finn ein dei to tradisjonelle seniorlaga; Suldal 1 i 6. divisjon og Suldal 2 i 7’er-divisjonen. Morten Jelsa er trenar for laget i 6. divisjon, og Tor Olav Berge tek seg av 7’er-laget.

Me har, som i mange år tidlegare, aldersbestemt lag i krinsserien. I år er det G15 som gjeld. Her er det Tommy Espe som har teke laget opp eit år frå fjorårets G14-lag.

Nytt av året er det at me har med eit jentelag i serien, J16. Dette laget er tufta på Suldal IL sitt reine jentelag i Suldalsserien frå tidlegare år. Nå har dei fått med seg jenter frå Sand og Ropeidhalvøya, og reiser nordfylket rundt under kyndig rettleiing av Petter Hoås og Odd Austarå.

Dommarkurs fotball

Dommarkurs

Går du med ein dommar i magen? Fotballinteressert ungdom? Lagleiar eller trenar? Interessert føresett eller besteforeldre? Nå kan du få dommarkurs!

Kurset skal haldast i Erfjord Grendahus måndag 29. februar kl 18.30. Kurset er eit minikurs/klubbdommarkurs, og Rogaland fotballkrets dekker kostnadane. Kurshaldar blir Arve Fløysvik frå SK Djerv 1919, hovuddommar i 4. divisjon og assistentdommar i 3. divisjon (kjede: fotball.no, 16. mars 2014).

Er du interessert så ta kontakt snarast med Svein Øystein Berge på tlf 970 38950.

Skal ein arrangere fotballkampar, treng ein dommar. Derfor er alle klubbar avhengige av å ha nokon som tek det viktige, utfordrande og ikkje minst lærerike oppdraget det er å gå med fløyta.

Ein ønskjer å få med seg interesserte ungdommar frå 13-14 år og oppover like til føresette og besteforeldre. Eit slikt kurs er også viktig og lærerikt om ein er trenar/lagleiar for lag i aldersbestemt fotball. Spelarar på a-laget vert også oppfordra om å melde seg på.

Utgangspunktet for dette kurset er at ein i Suldalsserien for aldersbestemte lag ønskjer å ha felles forståing for reglane. Dermed kan ein sikre seg nokonlunde rettvis dømming på alle nivå og i alle grender.