Det er mykje snø som skal vekk for å få til ein grei speleflate på kunstgraset i Prestavikjo.
Av gammal vane trudde me at snøen som kom i desember kom til å regna vekk før jul. Det gjorde den ikkje. Den sette seg godt, stor mengd og nokså kompakt. Då banen skulle ryddast til treningsoppstart på nyåret, var det klart at dette var for stor jobb for ATVen vår. På leit etter snøfres, fekk me tips om at Statnett hadde eit monster av ein fres på lur. Per Åge stilte opp med både ei stor og ein liten fres og god instruksjon, slik at me fekk jobba oss ned til graset. Det var ein heil jobb, nærare 30 dugnadstimar med maskinføring måtte til for å rydda 1/3 av banen.
Dette var i den kalde, klare perioden, og me fekk gjennomført nokre treningar før det lava ned med snø nå den siste veka. Heldigvis var det lett, kald snø som kom, og den fekk me rydda vekk gjennom fleire rundar med ATVen. Vermeldinga for inneverande helg viste at det måtte gjerast ein jobb fredag før mildveret og regnet kom og gjorde snøen uhamsleg og tung.
I dag var det berre 10 cm med snøslaps som trong ryddast, og nå er graset grønt.
Sist fredag tromma idrettslaget saman til samling og fest for dei som har vore frivillig dei siste fire åra. Sist gong me hadde eit slikt treff var før korona, i 2019, så det var på tide at me fekk sett oss ned i lag oss igjen.
Desse fire åra er det heile 126 personar som har bidratt for å halda hjula i gong innan ski, fotball, trim, økonomi, prosjekt, styre og dugnad. Og då har me ikkje tatt med dei som har stilt opp i kiosk, køyring og enkelte andre ting. Det kunne fort blitt heile bygda!
Av dei inviterte var det 50 stk som møtte opp på samfunnshuset. Første del av kvelden var via til informasjon og gruppearbeid. Leiar Helen ønska velkommen og sa litt om stoda i idrettslaget. Jon følgde på og informerte om fotballgruppa og Prosjekt Prestavikjo, mens Magnus fortalde kva skigruppa dreiv med.
Dagen etter at damene hadde gjort unna si turnering, var det tid for menn, herrer, gutar og gubbar.
Heile 45 påmeldte, men noko fråfall med innlagde ringevikarar gjorde at det blei 43 spelarar fordelt på 14 lag. Vesentleg meir enn me pleier å vera. Spesielt kjekt var det med mange debutantar frå 9. klasse!
Spelarane blei som vanleg trekte og fordelt på nemnde 14 lag. Alt ved trekninga var det nok nokre lag som peika seg ut i favorittsjiktet. Laga blei fordelt på to puljer med sju lag i kvar pulje. Laga i puljene møtte kvarandre i enkelt seriespel, slik at alle spelte seks kampar. Dei to beste i kvar pulje gjekk vidare til semifinale.
I solskinn, gnistrande vintervêr og ein gradestokk som viste vel 10 kalde var det i dag duka for Røldalsrennet. Suldal IL hadde 13 påmeldt for dagen kor klassisk stilart stod på programmet.
Helen Moen Gjuvsland har sendt denne skildringa.
Dualigt med snø, nykøyrde løyper og enkle smøreforhold gav flotte ramer for renndagen i bygda.
Dei yngste var først ut i konkurransen med tradisjonell start opp flaggstang-bakken. Godt med heiarop fordelt rundt i løypa gav dei ei fin oppleving.
For enkelheitas skuld er det pallplassane i dei rangerte klassane som videre er referert her:
Amalie Lunde var først ut i sporet av dei som blei rangerte. Ho vart feildirigert og enda med å først gå 1 km, og deretter måtta starte om att etter målgang på korrekt distanse 2 km. Den ekstra «strafferunden» såg ikkje ut til å setja ein dempar på ho, då ho susa inn til 1. plass i J11. Eline Berge sparka også godt i frå i sporet i same klasse og sikra dermed 2. plass.
I G12 viste Jone Gjuvsland gode takter og tok 1. plass, medan Svein Aksel Tjøstheim kom inn til 3. plass få sekund bak 2. plassen.
Aksel Sukka Mehus henta seg ein fin 3. plass i sin klasse G13
I G14 var Simon Bakka på hugget og tok ein sterk 1. plass, medan Agathe Lunde også gjekk godt og tok 2. plass i J14.
I K17 var det god konkurranse og Mathea Vik stakk av med 1. plassen i sekundstriden i hennar klasse.
Ny vri på cupen i år: Ein dag for damer/jenter og ein dag for herrer/gutar. Torsdag i romjula var det damene som møttest i gymsalen på Vinjar skule.
Om det var at det blei ein eigen dag for damene som gjorde at det blei rekordpåmelding, veit me ikkje, men det var i alle fall kjekt at 22 damer frå 9. klasse og oppover meldte seg på. Desse blei trukke ut og fordelt på sju lag. På denne måten blir det tilfeldig kven ein kjem på lag med. Dette gjer at ein aldri kan vita på førehand korleis ein kjem til å gjera det resultatmessig, men me håpar alle har eit mål om å spela fotball og ha ei kjekk økt uansett korleis det går. Og neste år er det ny sjanse.
Kunstsnøen sikra at 46 ivrige skiløparar fekk testa løpsforma på Gullingen tysdag kveld. Suldal IL diska i tillegg opp med graut og juleavslutning.
Tidlegare i vinter fekk ein starta produksjon av kunstsnø på Gullingen, og lagt eit godt grunnlag i deler av lysløypa. Dette sikra at Suldal IL sist tysdag kunne arrangere testrenn og juleavslutning. Regnet hadde nemleg herja godt med løypene på forhand, og sjølv om snøen kom på renndagen var ein avhengig av basen med kunstsnø. Løypekøyraren, Bjørn Egil Nerheim, stilte opp og la til rette så godt han kunne, trass nedbøren som verkeleg slo til utover kvelden.
– Det er på slike dagar ein ser kor viktig kunstsnøen er for å sikre at ein kan arrangere fleire skirenn, sjølv om vêret ikkje speler på lag. Det var verkeleg kjekt at så mange deltok, og at me fekk testa ei god gjennomkøyring av arrangementet, fortel leiar i skigruppa Magnus Lunde Bakka.
Sidan idrettslaget skal arrangere fleire skirenn i løpet av vinteren er det godt å kunne teste at tidtaking og organisering flyt slik det skal. Testrennet var lagt opp med fastsette løypelengder for alle aldersgrupper, det viktigaste denne dagen var likevel å sikre at organiseringa var på plass. Skiløyparane gav alt dei hadde i løypa før dei tok turen inn på Gullingenhuset for graut, basar med flotte premiar og takk og heider til dei som har stilt opp for skigruppa gjennom året som har gått.
Vinnarlaget 2023: Frå venstre: Samuel Lunde, Stian Myklebust, Roald Emuge Oluka, Michal Kral (trenar), Jørgen Aadnøy, Ondra Kral, Rasmus Sundseth Steine, Emil Hagen, Jostein Marvik Hølland, Anders Warhaug (trenar), Levi Lundal Warhaug, David Gjil, Trygve Mehus Rugland. Framme f.v.: Tor Olav Aarhus, Veigar Elia Gudding Eyfjord
Suldalsgutane- og jentene har vore med nokre år på Score Cup i fotballhallen Vår Energi arena på Randaberg. I år gjekk G14-laget heilt til topps! Det er ein strålande prestasjon, og her kjem reisebrev frå turen og cupen. Veronica Lundal Warhaug står for tekst, mens Michal Kral har teke bilda.
Det var ein spent, og litt trøytt, gjeng som reiste tidleg frå Suldal søndag morgon for å vera med på Score Cup på Randaberg.
For nokon var dette deira første kamp på Suldalslaget, og eg trur fleire kjente litt på nervøsiteten av å møta store gutar frå byn.
Suldal IL viste godt igjen på Hovden i helga! Som helgas største klubb, lot ikkje det gå umerka hen… Speakeren på stadion på Hovdenrennet 2023 kommenterte meir enn ein gang den gode tilveksten det er av skiløparar i Suldal! «Ski er viktig i Suldal, for her gror det godt. Det er imponerande!».