G13: Kjempar i toppen – lokalt toppoppgjer i morgon

Suldalsgutane sitt G13-lag har nå to kampar igjen av sesongen, og dei er verkeleg med i kampen om førsteplassen.

Alle lag står nå med åtte kampar, og har altså to igjen. Sauda leiar, eitt poeng føre Suldal, med Etne to poeng bak der igjen. I morgon er det tid for ein slags seriefinale når Suldal tek imot Sauda i Prestavikjo kl 18.30. Det er meldt regn og 8 grader, dette blir ein klassisk haustkamp med regn og flaumljos og stor spenning knytta til kven som stikk av med sigeren. Vinn Sauda, så har dei vunne serien, med siger eller uavgjort er det framleis spenning. Og i siste kamp ventar tredjelaget Etne… Lukke til, og møt gjerne opp for å heia fram 13-årslaget i dette lokaloppgjeret! Sjå fotball.no for tabell og resultat. (meir…)

J16: Suldal ubesigra i haustsesongen!

Laget som spelte årets siste kamp og vann 6-1 mot Haugar 4.

J16-laget spelte i kveld sin siste kamp, og gjorde som dei har gjort heile hausten: Vann!

I dag var det Haugar 4 som møtte for sterk motstand i regnet. Suldalsjentene vann 6-1. Dermed står dei med 6 sigrar og eit uavgjort. Dessverre står det også eit tap på tabellen. Meir om det litt lenger nede.

I vårsesong fekk jentene varierande resultat, det vart mange jamne kampar, eit par stortap og til slutt 3 sigrar, 3 uavgjort og 4 tap. Etter sommaren har trenarane Ørjan Underbakke og Christer Hansen saman med jentene verkeleg fått sving på sakene, og det etter at ein lurte på om det faktisk var nok jenter til å halda fram med laget. Med påfyll både frå yngre og eldre jenter, var det heile 18 jenter som var med på Regy Cup i Haugesund, så det er nesten slik at ein kunne stilt med 11’er-lag. Flott oppsving her, altså! (meir…)

6. divisjon: Suldal – Våganes – avlyst

Sesongens tredje walk over vart eit faktum i det som skulle vore sesongavslutninga for a-laget.

I år har både Lura 2, Forus og Gausel 2 og Våganes trekt seg frå sine bortekampar mot oss. Dette synest me er svært trist, og rett og slett noko sløvt av motstandarane våre. Me får tre poeng, 3-0 siger og økonomisk kompensasjon, men det veg ikkje opp for grunnen til at me er med i seriesystemet: Me vil spela kampar.

Felles for alle desse laga er at dei til slutt kom bak oss på tabellen. Det er ikkje sikkert me hadde slått dei på heimebane, men bortsett frå Hjelmeland, har me berre spelt heimekampar mot lag som har kjempa om opprykk. Både Klebe og Figgjo rykka opp, og dei hadde me ikkje sjanse mot i nokon av kampane. Julabygda var me nokonlunde jamne mot heime og dei første 30 minutta borte, men så blei me overkøyrde. Austrått hadde me to jamne kampar mot, tapte borte og vann heime. Me hadde altså ønska fleire jamne kampar i Prestavikjo!  (meir…)

A-lagskamp avlyst

Nok eit lag frå urbane strøk unnlet og reisa inn til kamp. Denne gong er det Forus og Gausel 2 som manglar mannskap.

Dermed blir det 3-0 og tre poeng til Suldal, ein måte å vinna på som me er blitt leie av. Heimekampar er jo det kjekkaste med heile fotballen!

Nå gjenstår det ein bortekamp mot Julebygda og ein heimekamp mot Våganes. Får verkeleg håpa dei kjem innover.