Harde Fakta 2018

Det er tid for statistikk. Harde Fakta-redaksjonen har jobba på spreng for å kunna publisera tala for 2018-sesongen så langt.

Me har spela ni seriekampar og ein cup-kamp så langt, og tre spelarar har fått med seg alt: Isak Berge Espe, Håvard Fatnes og Erik Vaage. Trenarane Arne Vatland og Simmen Bratland har så langt brukt 31 spelarar. (meir…)

6. div: Hjelmeland – Suldal 6-0

Det vart to tøffe kampar for a-laget i helga.

Fredag vart det tap for topplaget Figgjo, men mot tabellnabo Hjelmeland skulle ein gå for poeng. Sist helg trakk me det lengste strået då me fekk sigersmålet mot dei i siste minutt heime i Prestavikjo. Så jamnt blei det ikkje på bortebane. (meir…)

6. div: Suldal – Figgjo 0-5 (0-3)

Figgjo på besøk denne helga.

Etter to sigrar, kom me ned på jorda igjen då Figgjo kom på besøk. Det vart eit klart tap for eit betre lag.

Sist dei blå heilt sør i Sandnes kommune var på besøk, var i 2009. Då kjempa laga om opprykk til 4. divisjon. Suldal leia 3-0 til pause og hadde opprykket i boks, men i andre omgang kom Figgjo kraftig tilbake, vann 3-4 og var laget som gjekk opp i 4. div.

Denne gong vart det ikkje så jamnt. Alt frå start av kampen såg ein at Figgjo var heiltente, dei skal rykka opp! Dei var tydelege og svært flinke til å prata og gi kvarandre beskjedar, og dei tok seg tid til å spela med ballen. Det skal seiast at Suldal haldt greitt følgje dei første 20 minutta, og kunne kanskje ha gått opp i leiinga med litt tur, men frå 0-1 i det 26. minutt blei det ujamne lag. (meir…)

6. div menn: Suldal – Hjelmeland 3-2 (1-1)

Matchvinnar med avgjerande mål i omtrent siste minutt: Hallvard Erfjord.

Hastsesongen starta med eit svært viktig lokaloppgjer mot Hjelmeland.

Vårsesongen var ikkje noko å hoppa i taket over for Suldal. Sesongen starta med fem strake tap, men heldigvis vart det 4-0-siger i siste kamp før ferien. Dette gav litt grunn til optimisme gjennom sommaren. Hjelmeland hadde og ein poengfattig vår, og låg eitt poeng føre oss. Med Våganes også på 4 poeng, var lokaloppgjeret dermes svært viktig i kampen mot nedrykk.

Tidlegare på dagen hadde regnet hølja ned på dei som var opptekne med Grendacup, men det var ikkje mange dråpane a-laget fekk på seg. (meir…)