G15: Skudenes – Suldal 2-3

Nokre kampar er einvegskøyring, i andre held spenninga seg heilt ut. Det er kjekkast med spennande kampar, dersom ein sjølv kjem sigrande ut av dei! 🙂

Her er Arne si skildring av kampen i går:

I går var det ny kamp mot Skudenes borte. I utgangspunktet ein tøff kamp, og det blei det også. Me køyrde frå Sand i strålande sommarver, og ankom Karmøy i øs pøs regnver. Store kontrastar ja….😉

(meir…)

G15: Suldal – Haugar 12-0

G15-laget slo til med storsiger i dag mot Haugar.

Arne A sin kommentar i dag:

Hei alle saman😊 Kva skal me sei…???
Siger 12-0 seier vel det aller meste skulle eg tru😉 Me fekk ikkje akkurat den beste motstanden i kveld, men gutane skal ha mykje ros for at dei ikkje slapp seg nedpå etterkvart som måla rant inn, og berre fortsatte å pøse inn mål👍 Flott levert gutar👋
Målscorarane våre har gutane sine foreldre stålkontroll på, og dei står oppført på sida vår😉👍 (Ser ut til at Eskil i alle fall har halvparten av måla!)
Neste kamp er mot Skudenes på tirsdag. Forhåpentligvis klarer me å mobilisera nok til å klare ein ny tre-poengar😊

G15: Djerv 1919 – Suldal 2-3

Hei og hurra!

Referent og trenar Arne A. er i fyr og flamme:
Jammen klarte me å vinna idag! Me reiste til Hugesund med eit klart mål om å vinna kampen. Oppladinga til kampen kunne vore betre, med fleire skada og halvskada spelarar… I tillegg møtte ikkje oppsett dommar opp, slik at dømminga blei fordelt på begge laga. Det gjekk strålande! Beste dømminga så langt i år 😉 Kampen i seg sjølv blei ein typisk slitekamp. Spelet sat ikkje, men heldigvis fekk me med oss 3 poeng på ein dårleg dag.  Målscorarar hjå oss var Markus K. på straffe, eit sjølvmål og David på eit flott frispark heilt i krysset.
Stemninga i garderoben etter kampen var naturlegvis upåklageleg, og eg trur faktisk dei fekk kjeft av ein PR-kåt vaktmeister for uhemma feiring!!
No ser me fram mot ny kamp neste torsdag. Då mot Haugar 2 heime i Prestavikjo, så møt opp og hjelp gutane til ny siger.

Hjelmeland Sparebank Cup 2018

Hjelmeland Sparebank Cup 2018

I helga reiste to lag frå Suldal IL til Hjelmeland og var med på Hjelmeland Sparebank Cup.

Mange av dei same spelarane var også med i fjor, så det er tydeleg at fjoråret gav meirsmak. I år hadde me eit J9-lag, og eit G10-lag.

Jentene stilte med Celina, Martine, Ina, Anna, Karen og Leandra, samt trenar Neri. Jentene vann alle dei tre kampane sine – 2-0, 6-1, 5-0. Alle var veldig fornøyde med dagen, bortsett frå keeperen :-)) – den hadde for lite å redde og gjøre i målet, noko ein kan sjå på bilder fra cupen:-))) Jentene var heilt i hundre og viste at dei klarer å spele godt saman og at dei ikkje er redde for å kjempe om ballen. (meir…)

G15: Uavgjort og tap etter ferien

Suldalsgutane sitt G15-lag avslutta vårsesongen på topp. Hausten har starta litt tråare.

Trenar Arne Abrahamsen refererer:

Me har spelt to kampar etter ferien. 1–1 mot Bokn på søndag og tap 2-5 mot Etne i går. Kampen mot Bokn var ein kamp me både skulle og burde ha vunne. Men å bestille sigrar er fånyttes. Det må hard jobbing til, og litegrann flaks. Jobbinga var god nok, men flaksen uteblei.

(meir…)